Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spelemannslaget Knut Heddis minne

knutheddi

Laget består av seks drevne solospelemenn som kjem frå forskjellige stader i Sør-Noreg.

Til saman har dei stor konserterfaring og har vore med på fleire plateproduksjonar. Musikken er prega av sterk rytme og driv. Spesielt er det at ein på samspelrepertoaret finn store utbygde slåttar som til no berre har tilhøyrt eit solorepertoar. I og med at medlemene kjem frå ulike kantar av landet femner repertoaret over fleire tradisjonsområder. I omtale har pressa nytta orda "supergruppe" og "enormt driv". I konsertsamanheng tilbyr dei både samspel og solo. Medlemene i gruppa er: Monika Antun, Marton Laksesvela, Knut Breivegen, Daniel Sandén Warg, Herbjørn Liahagen og Harald B. Knutsen.
 

Diskografi


 "Lea Deg!" 2003
 

Konsertreferansar


Norgesmeistrar under Landskappleiken 2001, Den norske folkemusikkveka 2003, div. konsertar i Setesdal og Rogaland.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk