Torsdag er scena halden av til Annbjørg Lien, og berre ho. Lien opnar festivalen aleine med ein solokonsert. 

- Som regel kan ein oppleve Lien i mange ulike sjangrar og konsertuttrykk, men her går ho altså tilbake til røtene, med fela og stemma si, fortel festivalen i ei pressemelding.
Men det er ikkje berre Annbjørg Lien som står på festivalplakaten dette året. 

- Fredag ettermiddag er det mogleg å oppleve pianisten Liv Glaser og fiolinisten Sven Nyhus, begge nådd dei 80 og vel så det. Men alder er ingen hindring, og det beviser nettopp desse to. 

Bjarte Eike, ein av Europas leiande barokkfiolinistar, vitjar Osafestivalen igjen. 

- Tonane heng endå igjen i veggane etter at han hadde tittelen festivalmusikar førre år, og no kjem han med eit nytt prosjekt som heiter STRYK! Barokk, folk og improvisasjon er  tre stikkord som beskriv godt det ein kan forvente å høyre. 

Fredagskvelden er satt av til med banda Valkyrien Allstars og Fiddlers Bid.
- Desse banda er leiande  i kvart sitt land, og stemninga kjem til å bli veldig god denne kvelden. 

Laurdag kjem det besøk frå Nord-Noreg, då Hekla Stålstrenga vitjar festivalen. 

- Med rykande fersk plate i sekken, og eit rykte for å vera eit av Noregs beste liveband for tida, blir dette ein kveld som kjem til å henge lenge i på Voss. Me vel og tru at desse, ilag med resten av artistrekkja, finn seg vel til rette på Voss og Osafestival. 

Osafestivalen startar torsdag og held på fram til sundag.

> Sjå fullt program for Osafestivalen
> Følg Osafestivalen på Facebook
 

ARTISTAR OSAFESTIVALEN  2013

STRYK! 
ANNBJØRG LIEN - OPNINGSKONSERT 
OLE BULL-STUDENTANE 
SVEN NYHUS / LIV GLASER 
BAROKK BOREAL 
VALKYRIEN ALLSTARS 
FIDDLERS BID (UK) 
HÅKON HØGEMO
JOHN OLE MORKEN & LAJLA STORLI - FAMILIEKONSERT 
NMH-STUDENTANE 
THE KURAYBERS 
ERLEND APNESETH - DEI NYE TRADISJONSBÆRARANE 
FRANZ VITZTHUM (GER) 
HEKLA STÅLSTRENGA 
DANS MED HEVD OG OSTERØY SPEL- OG DANSARLAG! 
FOLKEMUSIKKMESSE 
BERIT OPHEIM / ROLF LISLEVAND 
ORKESTERET FOSSEGRIMEN
INGRI EGEBERG - KUNSTUTSTILLING