Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hardingfele, dans

Sølvberg, Arne M.

solvberg

Felespelar og folkedansar født 1950, i Stryn

Arne M. Sølvberg er fyrst og fremst solospelemann og historieforteljar. Han har vokse opp i ein rik musikktradisjon. Han spelar både bygdedansar og runddansar, og har etter kvart og komponera mange slåttar sjølv. Sølvberg er kvalifisert til eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i fele, hardingfele og dans. Han spelar i tillegg diverse fløyter. Han har vunne fele klasse A ein gong, og fekk i 1996 Spellemannprisen for si fyrste soloutgjeving Nordfjordslåttar. Han har grunnfag i folkedans frå NTNU, og har no undervisning i Stryn kulturskule. Han er og leiar i Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans (2005 – 2007).Ved sidan av å vere spelemann er Arne M. Sølvberg sauebonde. Han gav i 2005 ut soloplata Kveik.


Diskografi


Syngandestrenger, saman med Øyvind Lyslo (Heilo, 1999)

Nordfjordslåttar (Grappa, 1996)
Laget for folkemusikk, div artistar (Ta:lik, 2003)
Kveik (eigen utgjevnad, 2005)

 

Prisar

 
Nominert til spellemannprisen (1990)
Stryn kommune sin kulturpris (1994)
Spellemannprisen (1996)
 
 
 
Biografien er produsert av norsk folkemusikkformidling

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk