I søknaden bør søkjaren ha med noko om laget/ laga som står bak og bakgrunnen for søknaden. Det er viktig at søknaden gjer greie for tevlingsarenaer med øvingsrom, overnattingskapasitet samt bemannings- og dugnadskapasiteten.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.

Dersom enkeltpersonar tykkjer at laget sitt skal vurdere å søkje, så ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver vert drøfta.

Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt på tlf.: 22 00 56 93 for meir informasjon.

Søknadsfrist Landskappleiken 2015 og 2016, Landsfestivalen i gammaldans 2015 og 2016: 1.desember 2013.

Ynskjer du å få litt inspirasjon frå årets arrangement så ta ein kikk på:

Bilete frå Landsfestivalen

Presseklypp frå Landsfestivalen

Bilete og presseklypp frå Landskappleiken


Søknad kan sendast på e-post til rannveig@folkemusikk.no eller i posten til:
FolkOrg v/Rannveig Djønne
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO