Setesdalskappleiken 2013 blir gjennomført i tida 2. og 3. august på Rysstad i Setesdal. 

Fredagen bert det kurs både i dans, spel, munnharpe og kveding med dei fremste utøvarane vi har i Setesdal. Om kvelden er det to konsertar med vår eiga gruppe «Fjellfolk», og med gruppa «Sudan Dudan».
 
Laurdag er det klart for kappleik, intimkonsert med Sigurd Brokke (munnharpe) i Heddisstoga, og stor jubleumskonsert (125 år) for Olav Hegland med Hallvard Bjørgum og Gunnar Stubseid. Seinare på kvelden blir det dans med lokale spelemenn i tillegg til Per Anders Buen Garnås og Anders Røine, og sjølvsagt premieutdeling med fine premiar.  
 
Arrangørane lovar som vanleg god Setesdalssuppe med det som høyrer til!

Program for helga

FREDAG 2. AUGUST: 
 
Kappleiken har i år eit variert og rikt kurstilbod fredag 2. august. Det er kurs både for nybyrjarar og vidarekomne.
Kl. 14.00 - 16.30 i Soknehuset og på Sylvartun 
  • Hardingfele for vidarekomne med Hallvard T. Bjørgum: ”Olav Hegland-spel” (Stad: Sylvartun)
  • Hardingfele ved Gunnar Stubseid (Stad: Sylvartun)
  • Munnhorpe for vidarekomne med Sigurd Brokke: ”Munnhorpeslåttar frå Setesdal” (Stad: Hylestad soknehus, lagsromet)
  • Kveding med Sigrid Kjetilsdotter Jore: ”Stev, viser og bånsullar frå Setesdal” (Stad: Knut Heddis stoga)
  • Gangardans for nybyrjarar med Tor Espen og Birgit Anette Helle: ”Takt, tôk og fakti”, Spelemann: Tor Hoslemo (Stad: Hylestad soknehus, møterom oppe)
  • Gangardans for vidarekomne med Torleiv Løyland: ”Me dansar eisemadde”, Spelemann: Knut Arne Rysstad (Stad: Hylestad soknehus, matsalen)
Kl. 17.00 - 19.00 i Soknehuset 
Gammaldans med Kari Margrete Okstad: ”Me dansar vals, reinlender og polka”, Spelemann: Gunnar Stubseid (Stad: Hylestad soknehus, møterom oppe)
 
Konsertar, kappleik:
Kl. 20.00 - 21.00: Konsert med Fjellfolk 
Kl. 21.00 - 22.00: Matøkt
Kl. 22.00 - 23.00: Konsert med Sudan Dudan 
 
LAURDAG  3. AUGUST: 
Kl. 09.00: Frokost ved Coopen - Minikonsert 
Kl. 12.00: Kappleik
Kl. 17.00: MUNNHARPE I HEDDISSTOGA - Minikonsert med Sigurd Brokke. For billettbestilling ring tlf: 91575925
Kl. 19.00 - 20.30: Olav Hegland 125 år - Jubileumskonsert med Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid o.fl.
Kl. 21.00 - 01.00: Dans med Per Anders Buen/Anders Røine, lokale spelemenn. 
Kl. 22.00: Premieutdeling 
 
PRISAR: 
Kursavgift: kr. 150
Konsertar fredag: kr. 200 eller kr. 150 per konsert 
Konsertar laurdag: kr. 200 eller kr. 150 per konsert 
Kulturkort/honnør: kr. 150/100
Gjennomgangsbillett: kr. 600
Gjennomgangsbillett, kulturkort/honnør: kr. 400
Konsertane og kappleiken er i Hylestad soknehus på Rysstad!