I år er det 150 år sidan gausdalforfatteran Hans Aanrud vart fødd. Forfattaren og kritikaren vart kjent som ein meister av dei korte fortellingar, og han var ein pionér i utviklinga av norsk barnelitteratur. Mange kjenner til fortellingar som Sidsel Sidsærk, Sølve Solfeng og En odelsbonde. I samband med jubileet er det no laga ei eiga framsyning for å heidre forfattaren.

Foto - TROND KLAAPE_lite
Tekstforfattar Trond Klaape.

Nye perspektiv

Framsyninga har fått tittelen "...men du digtet litt om livet...", og er eit møte med diktaren og forfattaraen. Gjennom ord og tonar blir publikum invitert inn i eit diktarunivers, som i all hovudsak henta inspirasjon og næring frå oppveksten i Auggedalen i Vestre Gausdal. 

- I møte med utdrag frå tekstar av Hans Aanrud, freistar vi å sjå diktaren og dei litterære figurane frå nye synsvinklar og perspektiv. Kan hende får publikum eit nytt og overraskande møte med forfattarskapen og det diktarkallet som Aanrud må ha opplevd, fortel dei to som saman har arbeidd med prosjekt sidan jul.

Trond Klaape har skrive åtte tekstar i poetisk språkdrakt. Desse dannar ramme og tematisk utgangspunkt for dei åtte bolkane som framsyninga er sett saman av. Inge Gjevre har komponert all musikken, der folkemusikken er utgangspunktet, men også med med element jazz og viseprega populærmusikk.

- Eg spelar durspel, trekkspel og gitar. Det vert både springleik, halling, lyarslåttar, vals, og nokre viser, fortel Inge Gjevre. 

Produksjonen hadde premiere 6. september på Ulsrud i Auggedalen, og vart også framført på Lillehammer i går.  Dei neste framsyningane er 20. september i Langset kyrkje i Minnesund, og 29. november i  Gausdal kulturhus. 

- Fyrst skal vi ha ein del framsyningar, dernest skal vi inn i nokre skular i Gausdal med eit omfattande arbeid inn mot to klassar som skal munne ut i to framsyningar.

 

Om aktørane

 

INGE GJEVRE(f. 1976):  Folkemusikar og pedagog. Durspel, trekkspel og gitar. Voks opp i Vågå, med begge foreldra frå Valdres. Busett i Lillehammer. Spelar toradar og trekkspel i Jutullaget, Avbrekk og jazzbandet RAS. Har dei siste åra samarbeidd med bl.a. folkemusikar Stein Villa, Leif Inge Schjølberg, rapparane fra Dovregruppa Ogobor, folkesongar Camilla Granlien og kulturformidlar Trond Klaape. Vann nyleg klassa si på landskappleiken for fjerde gong på sju startar. (To bronse og eitt sølv.)

Gav sommaren 2011 ut Blåhimmeldag, ein dobbel-cd med 56 sjølvlaga folkemusikkomposisjonar, og vart nominert til Folkelarmprisen i kategorien solospel for denne.
Heimeside: http://ingegjevre.no/

 

TROND KLAAPE (f. 1978): Kulturformidlar og pedagog. Voks opp og er busett i Svatsum i Vestre Gausdal. Er mykje nytta som litteraturformidlar, kåsør/føredragshaldar, folkesongar og skribent. Arbeider på frilansbasis med ulike kunstnarlege tilnærmingar og breidde i framføring og formidling. Har spesialisert seg på formidling av litteratur signert diktarar frå Hedmark og Oppland, med særleg vekt på tekstar av poetisk karakter.

Samarbeider med bl.a. forfattar Ted M. Granlund, folkemusikar Inge Gjevre,musikar/komponist Halvard Bjørkås, kulturhistorikar Brit Skurdal Braastad, songar Lisabeth Kvalevaag-Holm og
biletkunstnar/forfattar Odd Marakatt Sivertsen.

Heimeside:  http://klaape.no/