Arrangørane på Røros gjorde ein kjempejobb, og Landskappleiken 2013 vart ein suksess! 

Men Landskappleiken er eit omfattande arrangement, med mykje logistikk og me vil gjerne bli enda betre. Me oppmodar deg difor til å gje tilbakemelding på kappleiken. 

Kva var bra? Kva kunne vore betre? 

Enten du var publikummar, deltakar, frivillig eller anna vil me gjerne høyre di meining. 
Me tek i mot både ros og ris. Slik kan me få til ein endå betre Landskappleik i åra som kjem.  

Her er nokre hovudtema du kan ta utgangspunkt i:

  • Tevlingane – Avvikling frå påmelding på nettet, registrering på Røros, deltaking, premieutdeling og meisterkonsert.
  • Informasjon – app, presse, heimesider, programhefte m.m.
  • Andre ting om arrangementet – Tilrettelegging, mat, dansen om kveldane, konsertane, overnatting m.m.

Me gjer merksom på at det innan kort tid òg vil bli sendt ut ei intern evaluering til alle lokallaga i FolkOrg med meir detaljert tilbakemelding på spesielle punkt. Dommarane under Landskappleiken vil og gjennomføra si eiga evaluering.

NB: Svara vil kunne nyttast til intern bruk.