Folkemusikken ligg fortsatt som ein sterk botnklang i musikken, men har også fått impulsar frå mange andre hald. Publikum vil høyre eit spenn mellom folk/vise/country&blues på “Sandkorn”.
Plata byr m.a på fleire sjølvskrivne songar og instrumentalar og nynorske versjonar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns (1759-1796)

-Uttrykket er spela fram i samarbeid med dei fantastiske musikarane som er med, seier Moldestad.

Sigrid Moldestad debuterte som soloartist i 2007 med plata “TAUS felefortellingar” som ho fekk Spellemannsprisen for. Ho har også gjeve ut plater med gruppene Spindel og Gamaltnymalt.
Den nye plata “Sandkorn” er spelt inn av Morten Skage i Sporlyd Studio, Vaksdal. Han er også produsent saman med Sigbjørn Apeland og Sigrid Moldestad.
Begge soloplatene er utgjevne av Grappa Musikkforlag.