Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Samling

Samling

Norsk - skotsk samarbeidsprosjekt med Anne Sofie Linge Valdal og Naomi Elysia Harvey i spissen.

Fronta av duoen Anne Sofie Linge Valdal frå Norge og Naomi Elysia Harvey frå Skottland, tek Samling for seg den skotsk - gaeliske og norske vokale tradisjonsmusikken og smeltar den saman til eit fyrverkeri av lyd, harmoniar og rytmer med uventa vendingar. Med seg har dei fleire profesjonelle og anerkjende musikarar.

Skotsk - gaelisk vokaltradisjon er ein viktig del av den skotske tradisjonsmusikken, men den er lite presentert utover sitt eige område. Vi i Samling ynskjer å presentere og utvikle denne musikken på ein ny måte for å få opp interesa, og samtidig vise dei sterke linkane og røter denne tradisjonen har til norsk vokal tradisjonsmusikk.

Samling var nyleg (2009) hovudattraksjonen på ein festival i Edinburgh, Northern Streams, der dei spelte for fulle hus og fekk flotte tilbakemeldingar. Northern Streams hadde temaet minoritetar, og bl.a. deltok Ante Mikkel og Inger-Biret Gaup frå Finnmark på denne festivalen. Samling har også opptrådt på Celtic Connections i Glasgow i Skottland, verdas største folkemusikkfestival. Med 3-stjerners omtale og utsolgt konsert på bandets første heilaftans spelejobb, er det eit positivt utgangspunkt.

Samling er eit band innan Nu-Nordic, ei ny retning som tek for seg koblingar av tradisjonsmusikk frå Nord-Europa, med spesiell vekt på koblingar mellom Norden og Storbritannia.

Omtaler:

3 STJERNER IN THE HERALD! - (...) - a mutual compatibility between Norwegian and Gaelic songs of similar provenance (...) - conveys much verve, skill and enthusiasm ( Rob Adams).


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk