Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rysstad, Kim André

Foto: Arne Arnedal

Foto: Arne Arnedal

Kvedar, født i 1981 i Rysstad i Setesdal.

Kim André Rysstad er ein ung kvedar som på kort tid har etablert seg som ein mykje respektert utøvar med sitt eige personlege uttrykk. Han framfører stev, viser og balladar frå Setesdal og Telemark. Han studerte klassisk song ein periode før han valde å gå inn for folkemusikken og ta fatt på tradisjonsstudiet ved Ole Bull Akademiet. Med læremeistarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Ånon Egeland har han fått eit solid grunnlag innanfor den vokale folkemusikktradisjonen både frå Agder og Telemark. Han er vinnar av klasse B vokal på Landskappleiken 2006 og er kvalifisert til A-klassa. Han har vunne Setesdalskappleiken fleire år på rad. I 2004 starta et samarbeid med gitaristen Trond Sporsheim Berg, og det har ført til mange konsertar på nokre av landets største folkemusikkfestivalar. Hausen 2007 kom debutplata "Tak hardt uti hand".


Diskografi


Tak hardt uti hand (Etnisk Musikklubb, 2007)
Folkelarm 2009 (Promo, NORCD)

Medverkar på:

Rannveig Djønne  - Spelferd heim (Djønne records, 2009)

 

Prisar


Nominert til Rikskonsertanes Intro-Folk konkurranse
 

Presse

 
NRK Folkmusikktimen 2. desember 2007

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk