Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rudi, Øystein

oystein_rudi

Felespelar og arrangør frå Sør Fron i Gudbrandsdalen

Øystein lært av ei rekkje spelemenn, og har vore bruksspelemann til gjestebod og dans i sidan tidleg på 80-talet. Vann klassen for vanleg fele under Landskappleiken i ´97,´98 og `09. I 10 år var han musikalsk leiar for Sør-Fron spelemannslag, som har vunne landskappleiken og landsfestivalen i gammaldansmusikk fleire gonger, samt Spellemannsprisen ´92 i klassen folkemusikk/gammaldans. Han er også ein av felespelarane i "Nye Ringnesin", og tok saman med denne gruppa Spellemannsprisen i ´95. Attom seg har han ei rekkje turnear, og han har i det seinare vore mykje nytta som lærar ved Ole Bull akademiet på Voss og ved ulike kurs og seminar. Han er no også aktuell som felespelar i folkemusikkgruppa KVARTS.

 

Diskografi


Takk for i sommer
Den Lykkelige Frier
Fjelljenta
Frå vals til vise
KVARTS
LEIK

 

Konsertreferanser


- Div. turnear solo og med Nye Ringnesin
- Sør-Fron Spelemannslag
- Jon Faukstad
- KVARTS


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk