Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rua, Sigbjørn

rua

Folkedansar frå Notodden
Sigbjørn Rua har lært å danse av Robert Dokken, Karin Brennesvik og Hellik Dokka. Han har dansa sidan 1981 og deltok på landskappleik fyrste gong i 85. Kappleik-sigrar i 85, 86, 87, 94, 98 og 2001 - i A-klassa frå 97. Han har vore med på 2 turnear i regi av Rikskonsertane, ein for barneskulen i Vest-Agder, og Hallingbreak i 2000 og han har fleire gonger gjeve kurs og konsertar i USA. Sigbjørn har mange enkeltståande danseoppdrag bak seg dei siste åra, til dømes Posten sitt jubileum: Gullbrevet hausten 00, dansekurs for lærare hausten 00 og kurs for instruktørar på Idrettshøgskulen våren 01. Han var med på Talent ´95 på Førde Internasjonal Folkemusikkfestival, noko som resulterte i danseturar til Zimbabwe og Egypt.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk