«Når Anders Reed var utanbygdes og høyrde slåttar han likte, la han vinn på å hugsa dei. Komen heim prøvde han slåttane på fela. Var det noko han ikkje hugsa heilt, forma han det til som best han kunne, og som regel tapte ikkje slåttane noko på det» (Myklebust 1961:37). 
Anders Reed (1849–1924) – den frekkasen! 

I våre dagar ville dette vore både uhøfleg og mat for TONO. Men slik var det; spelemenn tok for seg og stal musikk av kvarandre. Dei var nok litt av nokre rebellar, Myllarguten, Anders Reed, Loms-Jakup og dei andre. Den tids punkarar, kanskje? Folkemusikarar er provokatørar enten dei står for nyskaping eller bevaring. Dei fleste balanserer på knivseggen. Schizofrent nok. Vi klarar det ganske bra også, men folk blir nok usikre av slik dobbel-kommunikasjon. Sikkert difor vi blir hata så inderlig. For det blir vi, fortalde By:larm oss i vinter. Dei køyrde debatt med tittelen «Kvifor hatar vi vår eigen folkemusikk?» Den mest hårete tittelen på heile larmen! Dei var nok misunnelege langt inn i metal-sminka og rockerøyken. 

Det er altså vi som er frekkisane. Rebellane. Dei alle hatar og ikkje forstår. Tøøøft. Eg likar det. Faktisk så likar eg den tanken så godt at eg no går rundt med ei uro over at Øystein Greni, han i BigBang, skal lukkast. Han er nyfrelst og går kanskje rundt på signingsferd til alle kompisane sine og seier at folkemusikk er kult. Han har til og med fått Ottar Kaasa til å rose gitaren sin. Grøss og gru. Tenk om det utviklar seg? Vi kan risikere at dei står der med rosemåla gitarar og feledamer på si, både den eine og den andre. Det kan bli som med pønkefrisyren; det blir mote! Nei, lat oss hive på oss bunaden og gøyme heimebrygget unna til Landskappleiken. Då kan vi bli hata i fred. Dei må berre kome, vi skal skremme dei ordentleg! Vi har nemleg aldri spurt om å bli likt eller forstått. Vi er rebellar med snus under leppa og trampesko på beina. Anders Reed brukte forresten å knyte foten sin fast til dei som ville lære å spele, slik at dei også lærte seg å trampe riktig … Det blir gode rebellar av slik opplæring. 

Sigrid Moldestad

«Surkjerring» er Sigrid Moldestad si faste spalte i bladet Folkemusikk. Denne versjonen stod på trykk i den andre utgåva av bladet i 2013.