Det har sidan 2011 ikkje vore mogleg å høyre repriser på radioprogramma til NRK på nettradio, grunna ein strid mellom NRK og IFPI, paraplyorganisasjonen for dei internasjonale plateselskapa. Denne usemja førte mellom anna til at radioprogramma til NRK ikkje vart lagt ut som repriser på nett, og det vart heller ikkje mogleg å laste ned podkastar av programma. Det vart også strengare restriksjonar på bruk av musikk TV. 

I vinter vart dei to partane endeleg einige om ei løysing, og no kan lyttarane på ny høyre radioprogramma om att på nettet. 

Ny og betre radiospelar

I mellomtida har NRK utvikla ein ny og betre avspelar for radio på nett. Den nye versjonen er no tilpassa både PC-brukarar, og for mac-brukarar. Samstundes er programma delt opp i delar, slik at brukaren lett kan finne fram til dei delana av programmet ein ynskjer å høyre. I nettradioen no ligg det fleire tidlegare program tilgjengeleg i spelaren.

Så no kan du mellom anna høyre intervju og konsert med Gjermund Larsen Trio, oppleve romsdalsmusikk med Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, møte med bluegrassmusikar Bruce Molsky, følge Kjell Bitustøyl på leit etter sørsamiske kulturspor på Hardangervidda, høyre orakelet Per Anders Buen Garnås fortelje om eit uvanleg speleoppdrag, oppleve Kvinnfolk-konserten på Riksscenen og mykje meir.

> FOLKEMUSIKKTIMEN PÅ NETTRADIO

> JUNGELTELEGRAFEN PÅ NETTRADIO

> VERDENSSCENEN PÅ NETTRADIO