Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Pretiosa

pretiosa2-440

Trioen Pretiosa kjem frå Noregs ville vesten, Sunnfjord. Medlemmene i gruppa er Ellen Therese Thuland - song og hardingfele, Sølvi Lien - hardingfele og Arngunn Timenes Bell - hardingfele.
Har du høyrt om bryllaupet til det dumme ekteparet uti skogen? Om svigermora som vart blåst til himmels? Eller kanskje tordivelen og fluga som gifta seg på ein hestelort? Pretiosa gir deg alt dette, på ein gong, med hardingfele og vokal i spenstige arrangement! På repertoaret finn ein vokal og instrumental tradisjonsmusikk frå heile Sogn og Fjordane, men i hovudsak frå Sunnfjord. Gruppa jobbar mykje med å leite fram tradisjonsmusikk frå arkivopptak, notenedskrifter og levande tradisjonsberarar. Materialet kler dei i ny drakt med sjølvkomponerte arrangement. Dei presenterer såleis eit heilt unikt repertoar som spenner seg frå lykkeleg, dum og tragisk kjærleik til heftig dansemusikk, barnesongar og vare folketonar.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk