Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Øyunn Romtveit: Kveding i heimetradisjon

Øyunn Romtveit

Øyunn Romtveit kjem i desse dagar med CD-utgjevinga "Kveding i heimetradisjon". I denne teksten delar ho nokre musikalske minne med oss. - Alle mine næraste song eller spila. Eg er takksam som fekk vakse inn i denne musikken, og for forteljingar og sogur som fylgde med, skriv ho.

Av Øyunn Romtveit

Eg er oppvaksen i Vinje, med den eineståande folkemusikken frå Vest –Telemark. Det var stor vyrdnad for folkemusikk i familien. Alle mine næraste song eller spila. Heilt frå eg var fød kvo og spila dei rundt meg te dagleg, så det er ikkje så rart at kveding og felespil er min musikk.

Eg er takksam som fekk vakse inn i denne musikken, og for forteljingar og sogur som fylgde med. At han eg er gift med deler interessa gjer det lett å lata den spila ei hovudrolle i livet. At eldste dotter Tone òg er blitt kvedar gjer det endå meir meiningsfylt.

Eg begynte tidleg å tulle slåttir og syngje visur. Slåtten ”Lappebakken” (”Lappen”) tulla eg fyri eg kunne rø. ”Skomakarvisa” var eg ivitydd om at eg kunne eg heilt rett. Ingen måtte tru dei kunne den betre! Heime gjekk eg rundt og rundt på golvet og song. Ikkje minst når eg fylgde bussog bil song eg. «— Takk fe songjen!» sa bussjåføren ein gong eg steig av – eg minnest eg skjæmdest noko då. Det var ikkje mykje å skjæmast ivi! Eg fekk kyt for at eg kunne syngje.

Bestefar Romtveit song jamnt når me var hjå han, likeins når han kom heim til okkon etter å ha vori på bui. Han tok av seg rupesekken, sette seg i kubbestolen, drog upp appelsinur eller kamferdrops til okkon ungane, begyndte å fortelje skrønur om alt han ha upplivd på bui – ville sogur om kva dei han hadde møtt hadde sagt og korleis dei hadde fari.

Han vasa og lo – og så begynte han å syngje. Eg prøva vel ikkje å lære av bestefar, men
han song kvar gong me treftest, så eg lærde anten det var medvite eller ikkje. Det var likevel mest av far min eg lærde kveding og visur. Hin bestefar min, Halvor Versto, song også godt. Han døydde då eg var tolv år, og me var ikkje så jamnleg i hop. Likevel minnest eg særleg at han song ”Gufseguten”.

På skulen fanst ikkje folkemusikk før eg kom på ungdomsskulen. Musikklæraren var innflytjar, og meinte det var viktig at me lærde om den lokale musikken. Me for på vitjing te Aslak Brekke, Brita Bratland, Lars Larsen og farbror min, Tarjei Romtveit. Brita Bratland var det gjevande å vitja.

Toppen var likevel då Aslak Brekke kvo for okkon ungdomsskuleelevar. Han var litt utilpass fysst, men så fort han var igong var det ulikeleg godt!

Eg var meir interessera i spil enn visur i ungdomen. I seinare år har eg litt om litt plukkka upp att visune. Eg ser det som eit stort og viktig ansvar å føre vidare den kvedartradisjonen eg sjølv har vakse opp i og høyrer til, og å gjera den meir tilgjengeleg for andre som vil bruke den. Det er derfor eg gjev ut denne plata.

Øyunn Romtveit er med i Vinje Spilemannslag, og deltek i A-klassa i kveding under Landskappleiken i Seljord. Plata kjem no i juni, og blir sleppt på Etnisk Musikklubb, som du finn heimesida til her


 


(1) | Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk