Røros Folkedanslag, Glåmås Spellmannslag, Brekken Spell- og danselag og Ålen Spell- og danselag stod som arrangørar av årets Landskappleik på Røros. Deltakarantalet i tevlingane var 1405 utøvarar fordelt på 438 startnummer. 

Større overskot enn forventa

Overskotet på 372 694 kroner var betre enn forventa frå arrangørane si side. I hovudsak skuldast dette ei større deltaking og publikumstilstrøyming enn forventa. Overskotet vert delt mellom laga i høve dugnadstimar. Attåt overskotet for laga må ringverknadane som eit slikt arrangement har for Røros, både for handels- og overnattingsbransja, nemnast. 

Leiaren i hovudnemna, Ståle Lund, er nøgd med både avviklinga av Landskappleiken og det økonomiske resultatet.  - Vi hadde eit noko betre økonomisk resultat i 2005, men vi er allikevel særs godt nøgde. Spesielt tykkjer vi at gjennomføringa av kappleiken og dei ikkje-økonomiske sidene gjekk endå betre denne gongen. Gangen i tevlingane, positiviteten frå lokalsamfunnet, samarbeidet med FolkOrg, lokalitetane i Verket og alle klappa vi fekk på skuldrane gjer oss stolte og glade!

9000 dugnadstimar

Totalt var det kring 500 personar som utførte i underkant av 9000 dugnadstimar i høve årets Landskappleik på Røros. Dette tilsvarar nærare 5 årsverk! - Det var ikkje noko stort problem å få tak i nok folk, tvert om var det mange som sa at dei kunne ta fleire vakter, fortel Lund.

Knut Utler

Utfordringar

Røros er på mange måtar ein ideell stad for ein Landskappleik med store arenaer og eit levande musikk- og dansemiljø. I tillegg er staden i seg sjølv eit hyggeleg reisemål, men Lund ser at arrangementet har nokre utfordringar:

- Arrangøren brukar mykje tid på å driva matsal og overnatting. Vi ser at dette er nødvendig for å sikra økonomien i arrangementet, men at dette kan gå på bekostning av den ”faglege” delen av kappleiken. Attåt har Landskappleiken vorte så stort at det er krevjande å strukturera programmet slik at det ikkje vert for mange overlappingar. Ein må vurdere å drøfte ei forlenging av arrangementet med dei fordelar og ulemper det har.

Sjølv etter den enorme arbeidsinnsatsen for arrangørane på Røros så ser ikkje Lund bort i frå at dei kjem til å ta på seg ein Landskappleik til ein gong i framtida.

FolkOrg ynskjer arrangørane til lukke med eit strålande arrangement og godt økonomisk resultat. Tusen takk for samarbeidet, og velkomne til Geilo 25. - 29. juni i 2014!

Samstundes ynskjer vi å minne om at fristen for å søkje arrangøransvar for Landskappleiken og Landsfestivalen i 2015 og 2016 er 1. desember.