Bak framsyninga står stordansaren Sigbjørn Rua og hardingfelespelar Steinar Strøm. Saman med dyktige musikarar og dansarar har dei laga ein spanande framsyning der norsk tradisjon vert utfordra av fleire andre sjangrar. Her får ein oppleve profesjonelle folkedansarar i møte med både brake-dance og andre moderne sjangrar. Musikken er tradisjonsmusikk arrangert på nye måtar og vert framført av festivalbandet ”Drønn”.

Folkedansfestivalen som varer til søndag 10. august arrangeras av BUL Kongsberg i samarbeid med Noregs Ungdomslag. I løpet av tre dagar får danseinteresserte i alle aldrar høve til å svinge seg til god musikk fra et topplag av artistar. Musikkprofilen er lokal, men det skal vere noko for ein kvar smak. I løpet av festivalen vert det også turar, og kurs i folkedans både for nybegynnarar og erfarne. Festivalen har også et eige program for barn og alle arrangement er rusfrie slik at heile familien kan delta.

Festivalområdet er ved Skrimhallen og det er her dei største arrangementa føregår, men det er også program både i sølvgruvene og i Kongsberg kyrke. Lørdag 9. august er det middnattskonsert i Kongsberg kirke. Konserten ”Størst av alt” blir en unik opplevelse der hardingfeler og sang møter det staute Glokkerorgelet fra 1765. Konserten er bygd rundt temaet kjærlighet. Medverkande er Steinar Strøm (hardingfeler) Lajla Renate Buer Storli (song og hardingfeler) John Ole Morken (feler og gitar) Abram Bezuijen (orgel).

> Her finn du fullstendig program for Folkedansfestivalen

> Høyr innslag med festivaldansar Sigbjørn Rua på NRK Radio 7. august