Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opheim, Berit

Berit Opheim

Songar og kvedar, født 1967 på Voss.

Berit Opheims musikalske verksemd spenner vidt, ho er klassisk utdanna frå Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøyskole (1987 – 1992), og har utmerka seg som ein av dei aller viktigaste kvedarane i landet. Stemma hennar har nærast ingen grenser, og ho har dei siste femten åra drive med kunstarisk verksemd på scener i Noreg, Europa og Asia. Komponisten Lasse Thoresen skreiv verket Løp, lokk og linjar for ensemblet BIT20 og Berit Opheim i 2002 (uroppføring under Ultimafestivalen), og her byggjer mykje av verket rundt songen hennes. Med sin allsidige bakgrunn er ho ettertrakta i samtidsverk som nytter mikrotonalitet. Ho er medlem i fleire ensemble og blir engasjera som solist både i folk-, jazz- og samtidsmusikksamanhengar. Opheim var med i gruppene Orleysa (1989 – 1993) og Fantafylgje (1996-1998) og er no i BNB Trio (1998). Ho har også turnert mykje med Karl Seglem og Utla. I 2005 og 2006 spela ho Månefruva (Nattens dronning) og Fuglefenta (Papagena) i Tryllefløyta - ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom). Opheim er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken og vann denne i 1992, 1995 og 1996. I 2004 stilte ho som solist i open klasse på Landskappleiken, noko som er høgst uvanleg, og vann denne med ein improvisasjon. Prestasjonen blei i ettertid karakterisert som grensesprengande. Ho har særleg jobba med folkemusikk frå vestlandet og heimbygda Voss. Opheim har vore pedagog på dei store musikkinstitusjonane, men og i kvedargrupper for born og vaksne på Voss. I 2004 og 2005 var ho fylkesmusikar i Hordaland. I 2007 har ho gitt ut plata Den blide sol, saman med Sigbjørn Apeland, ho komponerer tingingsverket til Vossa Jazz i mars 07, Ein engel går stilt, og ho kjem etter planen med si andre soloplate, som skal vere med slåtetralling.


Diskografi


Norske Arvestykker; Bergen Domkantori (BDCD,1990)
Orleysa; (Odin Records, 1991)
Svanshornet; Orleysa (Odin Records,  1993)
Rit; Karl Seglem (1994)
Definitly Pling Plong (1995)
Brodd; Utla (NORCD, 1995)
Dåm; Oslo Kammerkor (KK, 1995)
Eitt Steg; Berit Opheim (NORCD,1996). Soloplate, nominert til Spellemannprisen 1997
Blå Harding; Nils Økland (Morild, 1996)
Fryd; Einar Mjølsnes, Per Jørgensen, Sigbjørn Apeland, Bjørn Kjellemyr (Vossa Jazz Records, 1998)
Folketonar frå Hordaland; Reidun Horvei (Det norske Samlaget, 1998)
Spir; Karl Seglem (1998)
Dedicaces; Gilles Obermayer (1998)
Bergtatt; Oslo Kammerkor (KK, 1999). Nominert til Spelemannsprisen 2000
Syng; Småkvedarane (NORCD, 2000)
Straum; Nils Økland (Rune Grammofon, 2000)
Nye nord; Karl Seglem (NORCD, 2002)
Skal/skal ikkje (Kvarts, 2003)
Løp, lokk og linjar; (Lasse Thoresen) m/BIT 20 (Aurora ACD, 2005)
Ein song frå dei utsungne stunder; BNB Trio (2L, 2005)
Den blide sol (NORCD, 2007)

 

Bøker


Solæ mi sela (1995/1996)

 

Priser

Sagaprisen 1994
Forbrukersamvirkets kulturpris 2000
Badnajazz-prisen 2003
Rolf Gamleng-prisen 2004
Vossa Jazz-prisen 2005
Statens Kunstnerstipend 2005 – 2006

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling. Kjelde biografi frå MIC


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk