Redaktøren i bladet Folkemusikk, Knut Aastad Bråten, meiner eg ikkje svarar på spørsmålet hans. Han skreiv: «… Eit seminar hist og her, arrangert av Førdefestivalen, rettferdiggjer ikkje knutepunktmidlane åleine». Eg svarte då at knutepunktoppdraget ikkje berre går ut på dette, og viste til årsmeldinga for vidare informasjon om kva vi gjer i høve knutepunktoppdraget. Det var sjølvsagt ikkje meininga å vere verken unnvikande eller arrogant, men eit forsøk på å vere effektiv, sidan å skildre aktivitetane vi gjer i høve dette er litt omfattande for ein nettdebatt. Vi gjer likevel her eit forsøk på å seie noko om det Aastad Bråten etterlyser når det gjeld kompetansedeling:

Kompetansedeling - ikkje berre til folkemusikkfestivalar.

Først ei presisering: Som knutepunktfestival skal Førdefestivalen søke å dele kompetanse, ikkje berre i høve andre festivalar innan sin sjanger, men også overfor andre arrangørar, kultur- og samfunnsliv, særleg i eigen region.  Her er nokre av aktivitetane:

Førdefestivalen arrangerer som kjent kvart år ein nasjonal konferanse, Førdekonferansen, i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Norsk Publikumsutvikling og andre aktørar. I 2012 arrangerte vi òg musikar- og arrangørseminar i samarbeid med Norsk Countrytreff, og i 2013 samarbeidde vi med BRAK om bransjetreffet Blest, som først og fremst rettar seg mot musikarar, arrangørar og anna musikkbransje på Vestlandet. Under Folkelarm var vi delaktige i fleire seminar.  Festivalen er med i «VRAK-samarbeidet» saman med Vestnorsk Jazzsenter, BRAK og StAR som står for fleire seminar, konferansar og konserttilbod på Vestlandet.

Kompetansedeling i uformelle fora.

Men kompetansedeling og kunnskapsoverføring skjer nok minst like ofte gjennom uformelle møte og samtalar som gjennom formelle konferansar og seminar. Og dei større folkemusikkfestivalane er nok ikkje dei som oftast spør oss om å dele kompetanse. Vi veit ikkje om dette er fordi dei meiner dei ikkje har behov, eller fordi dei ikkje ynskjer å hente kunnskap frå Førdefestivalen; vi har sjølvsagt respekt for den kompetansen dei allereie har i sine eigne organisasjonar.

For eit par år sidan vende vi oss til leiarane i alle folkemusikkfestivalane og spurde kva emne dei meinte var viktige å ta opp på vårt seminar under Folkelarm. Vi fekk ingen svar. Etter ein purrerunde fekk vi innspel frå to festivalar.  Dette kan sjølvsagt vere tilfeldig; mange står i ein travel arbeidssituasjon i kvardagen. Vi synest likevel det er vanskeleg å "trenge oss på" for å dele kompetanse når vi ikkje får respons ved førespurnad. Men vi er sjølvsagt positive til alle spørsmål vi får i høve dette.  Vi har fått førespurnader og hatt samtalar med og møte/foredrag for m.a. Telemarkfestivalen, Den Norske Folkemusikkveka,  Hilmarfestivalen og FolkOrg/Folkelarm, Norsk Countrytreff m.fl. Og vi oppmodar om at dei som  har ynskje og behov for råd eller hjelp frå vår side tek kontakt. Vi stiller opp så langt det lar seg gjere! Representantar for folkemusikkfestivalane er sjølvsagt òg hjarteleg velkomne til å besøke og/eller hospitere under Førdefestivalen, noko fleire allereie har gjort. 

Om ikkje folkemusikkfestivalane er dei som flittigast spør oss til råds, er det svært mange andre som gjer det; andre festivalar og arrangørar, musikarar, kulturinstitusjonar, næringsliv, organisasjonsliv og offentlege etatar, både i inn- og utland.  Nesten dagleg tek folk kontakt med oss for å få råd og tips om ulike emne, frå kontaktinformasjon til artistar, kontraktsarbeid, bannerproduksjon, billettsystem, frivillighandtering, artistservice, kunstnarleg programmering, artistskatt, marknadsføring, sponsorarbeid, lyd- og lysproduksjon, artistpromotering i utlandet, søknadsskriving og ei rekke andre spørsmål.

Kompetansedeling gjennom foredrag, rådgjeving og mentorverksemd.

Døme på institusjonar og organisasjonar som har fått foredrag, konferanseinnlegg og rådgjeving i meir offentlege samanhangar dei siste to åra: NHO - Mentorprogrammet Global future, NHO Sogn og Fjordane – Ungt entrepenørskap, Høgskulen i Sogn og Fjordane - studentar ved reiselivslina, Mo og Jølster vidaregåande skule – elevar ved medielinja, BI – invitasjon til gjesteforelesing, Norsk Musikkinformasjon – konferanse, Reiselivskonferansen for Sogn og Fjordane, Næringslivskonferansen for Sogn og Fjordane, Norsk Kulturforum Sogn og Fjordane, Flora, Naustdal og Førde kommunar, Rotary avd. Førde, SIS-kommunane – strategisk næringsplankonferanse, Vågåkonferansen, Gaularseminaret, Rff-årskonferanse, Folkelarm,  Superveka, Danish Roots Workshop (Danmark), Atlantic Music Expo (Kapp Verde) m.fl.
Festivalen gjev òg råd, støtte og hospiteringmoglegheit til utanlandske festivalar som Le Festival sur le Niger (Mali), Festival au Desert (Mali), Sauti za Busara (Zanzibar), Rajasthan International Folk Festival (India), Viljandi Folk festival (Estland).

Kompetansedeling skjer òg gjennom arbeid i styre, representantskap og faglege nettverk som i Norske Festivaler, European Forum of Worldwide Music Festivals, Norges Musikkhøgskole, Riksscenen, Musikk og Ungdom, NCE Tourism / Fjord Norway, Kunstmuseene i Bergen, PreForm og Arrangørnettverk Sogn og Fjordane (Førdefestivalen, Opera Nordfjord, Norsk Countrytreff, Malakoffestivalen, Sogndal fotball).

«Learning by doing» - den beste metode for kompetanseoverføring?

Samarbeid med andre er òg eit viktig punkt i høve knutepunktoppdraget, og samarbeidsprosjekt er viktige arenaer for kompetansedeling og -utveksling. Vi har hatt og har samarbeid med ei rekke festivalar, institusjonar og organisasjonar både i og utanfor folkemusikkfeltet, som Riksscenen, Rff, FolkOrg, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Oslo World Music Festival, Festspillene i Bergen, Rikskonsertane, Sogn og Fjordane Teater, Columbi Egg m.fl.

I samband med grunnlovsjubileet 2014 inviterer Førdefestivalen, Riksscenen, Rff-sentret og Norsk institutt for bunad og folkedrakt alle folkemusikkfestivalane til samarbeid om ei stor grunnlovsjubileumsforestilling, der dei nemnde organisasjonane tek produksjonskostnader og administrasjon av prosjektet.
Førdefestivalen, Folkemusikk Nord og FolkJazzScena i Nord-Trøndelag og Voss Folkemusikkscene planlegg samarbeid omkring heilårs konsertverksemd. Vidare er vi med i FolkOrg si gruppe av folkemusikkarrangørar i Norge som vonaleg òg vil fungere som ein kompetanseutviklingsarena framover.
Under eindagsfestivalen Bornas Verdsdagar Førde, er Førdefestivalen prosjektleiar og samarbeider med eit 20-tals aktørar i regionen vår, frå barneskular, barnehagar, vidaregåande skular, United World College, Frivilligsentralen, Fargerike Førde, Danseverkstaden, Norsksenteret, Førdehuset, Førde kulturskule, Førde bibliotek, Bergum, Florø og Jølster asylmottak, m.fl.

Slike aktivitetar inneber i stor grad kompetanseoverføring i høve samarbeidspartane, og slik «learning by doing» er kanskje ein minst like god metode for kompetanseheving og –utvikling som det vi kan få gjennom konferansar og seminar.

Førdefestivalen ynskjer å vere ei positiv samfunnskraft, ein god samarbeidspart og eit ope kompetansesenter for andre. Dette får vi vanlegvis gode tilbakemeldingar på, men vi kan sikkert også bli betre. Vi inviterer til ein fruktbar, konstruktiv og open dialog både med folkemusikkfestivalane og andre aktørar. Ta gjerne kontakt!

Hilde Bjørkum
direktør, Førdefestivalen