Av Ingar Ranheim

Olav Snortheim vart fødd på Midtre Snortei (87/3) i Røn i Vestre Slidre 9. april 1911. Garden er dei eine av tre Snorteisgardar, som alle ligg høgt oppe i åsen på austsida i Røn.

Faren, Ola Snortheim (1878-1973), var odelsgut, og spelte hardingfele. Mora Ragnhild (1881-1973) var frå Nordviste, lengre nede i bygda, og spelte langeleik. Dei fekk fire born: Knut i 1907, Ivar i 1909, Olav i 1911 - og Marit i 1922. Knut overtok garden, men dreiv også som sløydlærar. Han spelte hardingfele og var ein framifrå rosemålar. Ivar var offiser og lokal leiar av Heimefronten under krigen, Marit var lærar, som det også hadde vore fleire av bakover i slekta.

Olav lærte langeleikspel av mora Ragnhild. Ho hadde lært av Kari Rudi Braute (1845-1916), frå Øyebygdn vestafor fjorden i Røn. Kari var ein kjend utøvar på langeleik, med konsertar både her i landet og i Amerika, der ho døydde. Mellomnamnet sitt hadde ho frå Røe i Øystre Slidre, der faren kom frå.

Det meste av langeleiktradisjonen på 1900-talet kan sporast dit. Øystein Øysteinsson Rudi, som gjerne blir rekna som far til den moderne langeleiken var frå eine garden, Guri Hegge var frå den andre, og far til Kari var frå eit tredje bruk. Både spelteknikken og utforminga av instrumentet er påfallande likt hjå alle som kan føre tradisjonslinene sine tilbake til Røe, og det er grunn til å plassere også Olav Snortheim i denne tradisjonen.
 

Men han gjekk også sine eigne vegar, og det alt i ung alder, i følgje det han sjølv fortel i eit brev til Rolf Myklebust i mai 1958: ”Dei endringane eg har gjort med langeleiken er 30 år gamle, og kom fram på den tid da eg enda var upåvirka av vår tids allhånde harmonioppfatningar”. Tredve år før 1958, det blir omtrent då han tok sin fyrste fyrstepremie i langeleikspel. Det var som sekstenåring på ein kappleik i Ulnes, fortel Knut Hauge.

Olav fortel elles at det var broren Knut som laga langeleik åt han, og det gjorde han som ”næming” 17 år gamal. Han ”var ulært den gongen. Likevel er min langeleik eit meisterverk, i form, dimensjon, klang og bruk av trevyrkje.” Knut var fødd i 1907, så alt dette tyder på nokre sterkt formande år på midten av 1920-talet. Olav og Knut spelte også saman, langeleik og hardingfele, også til dans.

Eldre langeleikar var heilhola av eitt stykke ved, og hadde såleis ikkje botn, og dei hadde ganske jamn noterekke utan klar inndeling av heile og  halve tonetrinn. Øystein Øysteinsson Rudi laga langeleikar ved å lime saman sider, slik at leiken fekk botn, og nota opp ein durtoneskala. Snortheimsmodellen følgjer dette, men har dessutan kromatiske halvtonesteg og dobbel melodistreng.

Halvtonane hadde vore brukte sidan århundreskiftet, fortel Olav i eit brev til Rolf Myklebust i 1958, og han er klar i sin dom: ”Det er stort sett eit mislykka tiltak.”

Denne 12-toneskalaen reknar han som resultat av eit ynskje om  fastare avstemt toneavstand enn dei som var i bruk på dei gamle svævande skalaformene si tid. ” Dei uendeleg mange ulike skalaformer på gamle instrument fortel tydeleg nok om ein slump, søking eller leiting, om bra eller dårlege instrumentmakarar”, skriv Olav Snortheim.

”Halvtonane på langeleiken er altså ikkje mitt påfunn”, skriv han i 1958. ”Men eg er vel den einaste som har funne nytte i dei når dei fyrst var komne der”, legg han til. ”Det er mogleg å bruke dei ved omstilling til andre tonearter. På det vis kan langeleikens register nyttast betre, men framleis halde seg i ramma: Modulasjon forbode.” Det siste er vel ei helsing til Boris Borisoff (..), som var i ferd med å konstruere langeleikar som skulle kunne skifte toneart. ”På langeleik kan ein ikkje modulere frå ei toneart til ei onnor. Den faste underlagde klangen frå harmonistrengen forbyr strengt dette”, skriv Olav Snortheim.

”Min spesielle forbetring i langeleiken ligg i den niande strengen”, fortel han vidare i brevet frå 1958, ”den forsterka melodistrengen som gjev melodien større fylde i forhold til den underlagde harmonien, - og som gjer dobbeltspel mogleg. Merk: det er skilnad på dobbel melodistreng og streng over halvnotane. Eg kan altså spele to-stemt på min langeleik utan å nytte halvtonane.”

Snortheimsleiken har såleis ni strenger: ”To melodistrenger som båe er stemte i a, dei andre i a a e a cis a e. Leiken er stemt etter mitt eige prinsipp, etter sterkt tradisjonsbunden tonekjensle saman med gamle naturbundne tonar. Den er ikkje temperert i vanleg tyding, sjølv om det ser ut so”, skriv han.

Det er også interessant å merke seg korleis han forklarar den spesielle måten han brukar leiken på i ”Juleskreia”: ”Juleskreia er spelt i F-dur, der ein auka kvart delvis gjer seg gjeldande ( f g a b/h c).”

Del to av denne innføringa i livet og musikken til Ola Snortheim kan du no lese her. Heile teksten kan òg lesast på heimesidene til utgjevarane i Ta:lik.