Prisen for årets folkemusikar går til ein artist som på særskilt vis har markert seg gjennom plateutgjevingar, konsertar eller på anna vore med på å skape til framifrå folkemusikkformidling. I juryen si grunngjeving heiter det:

"- Årets prisvinnar syner at det er mogleg å tileigne seg stilforståing frå meir enn sitt eige distrikt, samstundes som han på ein sjeldan måte kombinerer det å vere ein strålende solist med å kunne vere ein lojal medspelar i eit musikalsk fellesskap der andre har hoveurolla. 

- Dei mange prosjekta han deltek i og er ein viktig del av, dekker eit brett musikalsk spektrum, og hans musikalske uttrykk spenner frå det reint lyriske, via det dansbare og drivande, til tung groove. 

​- Prisvinnaren kombinerer djup stilforståing av sine tradisjonar med eit nært forhold til alle dei mangfaldige musikalske formene som finnst i dag, og verkar med det både som eit førebilete i folkemusikkmiljøet og utad som eit døme på korleis ein folkemusikar på høgt nivå både kan vere midt i tradisjonen og midt i samtida. Det er difor ikkje tilfeldig at prisvinnaren er å høyre på heile 10% av årets produksjonar, der to av dei gjekk heilt til topps."


I tillegg til å bli kåra til årets folkemusikar 2013, vann felespelaren Olav Luksengard Mjelva både pris for albumet «Isbrytaren» saman med svenske Erik Rydvall, og saman med Unni Boksasp Ensemble for utgjevinga «Kvite Fuglar».

Juryen for årets Folkelarmpris har vore Tellef Kvifte, Asgaut Bakken, Sinikka Langeland og Frank Henrik Rolland. Tidlegare vinnarar av prisen Årets Folkemusikar er Inga Juuso (2012), Gabriel Fliflet (2011), Sigrid Moldestad (2010), Kouame Sereba (2009), Valkyrien Allstars (2008), Hallgrim Hansegård (2007) og Unni Løvlid (2006). 
 

OLAV LUKSENGARD MJELVA (29) kjem frå Røros, men held til i Hallingdal. Han er ein av Noregs mest aktive felespelarar, og er medlem i grupper som SVER, The Nordic Fiddlers Bloc og Rydvall/Mjelva. I tillegg er han med i Unni Boksasp Ensemble, Firil, Copper City Ramblers og fleire andre prosjekt. I 2010 fekk han spelemannprisen for si fyrste soloplate. Mjelva er mykje bruka som studiomusikar og har spelt på omlag 40 utgjevingar. Han er også ein mykje bruka kurshaldar og dansemusikar både i Norge og utlandet.

FOLKELARMPRISEN (Norwegian Folk Music Awards) er folkemusikkens eiga prisutdeling, og har blitt delt ut sidan 2005. Prisen heidrar dei beste platene i året som gjekk, samt årets folkemusikar. Utdelinga er ein viktig del av bransjetreffet Folkelarm som set fokus norsk og nordisk folkemusikk. Prisen er open for alle former for tradisjonsmusikk utøva av musikarar – med norsk eller ikkje norsk bakgrunn, busett i Noreg.