Haustutgåva av bladet Folkemusikk er no på marknaden!

PORTRETTET: Marit Karlberg og Sudan Dudan har stor suksess med siste plata si. Merksemda bryr ho seg mindre om. - Det verste er å prata på scena. Då er ein så veldig ein representant for seg sjølv. Musikken kan eg fordjupa meg i. Eg forsøker å formidla ut likevel, det er målet mitt, men musikk er enklare å handtera.
Meir i siste utgåve av Folkemusikk.

TELEMARKFESTIVALEN: «Jeg tviler på at det finnes festivaler i landet med et sånt spenn som dette, veien fra finsk kantele til det globale overflødighetshornet til Atlanter er ufattelig lang. Verden er blitt en global landsby, og i kveld heter den Bø i Telemark.» Les Sindre Bremnes sine sterke og personlege opplevingar og betraktningar frå festivalen i Bø.

LEIAR: «Stortingsvalet i år sende dei raud-grøne på dør, og dei blir i desse dagar erstatta av Erna, Siv og nokre til. Kanskje er det heilt greitt? Kanskje finst det andre måtar å fordele kulturpengane på? Kulturløftet 1 og 2 har òg fått kritikk for både å vera vilkårlege, lite konkrete og einsidig instrumentelle, som middel for andre mål. Korleis kan den nye regjeringa styrke kulturlivet og folkemusikken på andre og nye måtar?», spør redaktør Knut Aastad Bråten - og lanserer fire ønske til den nye regjeringa. Sjekk side 5.

FAG PÅ VENT: Masterprogrammet for etnomusikologi og musikkvitskap ved Griegakademiet i Bergen ligg på is. Instituttet skal i haust vurdere kva tid dei eventuelt kan opne tilbodet att. - Me har ambisjonar om å byggje opp att mastergraden og i tillegg starte opp ein bachelorgrad i musikkvitskap, noko det ikkje har vore i Bergen tidlegare, seier instituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen.

KARTELLET: «Jeg blir ikke flørtet med - jeg blir beveget. Når karene nesten umerkelig bytter ut ømme favntak med brytegrep, er det en bevegelse i hele situasjonen - ikke mellom to figurer. Jeg har kjent på håndsvetten til en danser, men jeg har ikke tittet inn i dramaet hans. For her er ikke noe drama, annet enn det vi lager sammen.» Danseanmeldar Margrete Kvalbein om danseforestillinga Kartellet. Sjå side 34.

MUSIKK OG GLOBALISERING: «Kva skjer med lokale musikalske uttrykk i ei stadig meir globalisert musikalsk verd? Korleis blir folkemusikken i dei ulike landa påverka? Finst det nokon «heilage kyr» som vi ikkje bør røre? Er vi medvitne om kva vi låner? Eg trur at kunnskapen om stilar er betrakteleg større nå enn han var. Men eg er ikkje sikker på at medvitet om kva vi låner, er større. Dess meir ein veit om musikkstilar, dess meir tar ein for gitt.» Johan Westman om musikalske endringar.

***

Sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til musikar Karl Seglem, dansedebuten til Vegar Vårdal, petit frå musikar Elisabeth Vatn, smarte tankar frå musikar Sigrid Moldestad, debattinnlegg og mykje, mykje meir!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.

 

BESTILLE BLAD?
Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same!