Under Landsfestivalen på Løten vart det laurdag føremiddag delt ut tre hardingfeler til utøvarane Bjørn Kåre Bråten Odde, Jon Hjellum Brodal og Martine Lund Hoel. Utøvarane får disponere felene så lengje dei ynskjer. 

Det er instrumentmakar Helge M. Bergnord i Vågå som har teke initiativet til opprettinga av fondet. Målet med fondet er å bygge gode hardingfeler som kvart år blir delt ut til unge talent innan tradisjonsmusikk, men også andre musikkgreiner som klassisk, samtidsmusikk, jazz og popmusikk. 
- Det skal delast ut minst tre feler, kanskje fleire, det er litt avhengig av innhaldet i sponsoravtalane, seier Bergnord til Folkemusikk.no. 

Felene til årets mottakarar er alle sponsa av ein privatperson. Bergnord seier at fondet arbeidar for å etablere langsikte sponsoravtalar. 
- For at selskapet skal ha høve til å dele ut instrument kvart år, er ein avhengig av ein langsiktig og seriøse samarbeidspartnar over fleire år.

Felene blir produsert på verkstaden til Bergnord i Vågå. I pressemeldinga står det at det er viktig «at et slik instrumentfond blir knyttet direkte opp mot et verksted, som har fagkunnskap og utdanning fra de anerkjente fiolinmakerskolene. Dette med tanke på at instrumentene skal kunne tilpasses til de ulike musikere og musikksjangere, og ikke å forglemme kyndig vedlikehold.»

Hardingfela er eit barokkinstrument, og det er viktig å ivareta instrumentet slik ho er, står det i meldinga. Likevel vil det vera eit mål å tilpasse instrumentet til kvar einskild utøvar sin spelestil og musikksjanger, skriv Bergnord.

Alle kan søke om å få tildelt instrument. Dei heldige som blir plukka ut kan disponere instrumentet gratis – som sitt eige instrument – over lang tid, så lengje utøvaren ynskjer det eller er aktiv. «I motsetning til å få instrumentet til odel og eie, vil en slik ordning medføre at instrument ikke blir liggende ubrukt, at utøveren forplikter seg til å ivareta instrumentet bedre, og at de kommer flere til glede og nytte», står det i pressemeldinga. 

Ein eigen komiteen bestemmer kven av søkarane som får tildelt instrument. Desse er, i tillegg til Helge M. Bergnord, Håkon Høgemo, hardingfelespelemann, Øyvind Gimse, cellist og leiar for Trondheimssolistene og Even Tråen, journalist og hardingfelespelemann.