Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nupen, Dagfinn

Dagfinn_Nupen

Han har ei mengde norske blåseinstrument som han spelar på, fotel soga om, og demonstrerer. Fortel om korleis instrumenta har utvikla seg, frå ein tone og frametter til vår tid. Korleis dei vart brukt t.d. i samlingar, krig/fred (jfr. Snorres kongesoger, Bibelen m.m.), og instrumenta brukt på setra, bondegarden og under arbeidet i eldre tider. Han har ei mengde slag fløyter, lurar, horn, munnharper, slag- og rasleinstrument.

Nupen har skrive fleire hefter om folkemusikk, og er redaktør for Folkemusikkbladet. Leiar i Møre og Romsdal Folkemusikklag sidan 98. Han har delteke på Landskappleiken sidan 63 og har mange 1. premiar. I den internasjonal festivalen i Llangkollen, Wales, har han motteke ein 1. og ein 2. premie. Han har hatt fleire konsertturnéar til USA, sist i 2002.

 

Utgjevingar:

- Kassett: Folketonar frå Ørsta og Volda - Video: Folketoneskattane - Bok: Eldre folkemusikkinstrument læring på gamlemåten


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk