- Det gjekk lenge rykte om at serien «Norsk folkemusikk» ikkje fanst lenger. Matrisene var borte, truleg i ein brann i plateselskapet sine lokale, og serien var dermed ikkje mogeleg å få gjeven ut på nytt, fortel Frode Rolandsgard i ta:lik. 

Men så viste det seg at Arne Bendiksen (1926–2009) hadde kjøpt opp norske artistar frå fleire selskap. Blant desse var også serien «Norsk folkemusikk». Arne Bendiksen hadde ikkje matrisene til serien, men han hadde masterbanda. Desse banda var dei same som NRK hadde levert til plateselskapet som grunnlag for å lage matrisene til grammofonutgjevingane.

Dermed sat Arne Bendiksen på ein viktig skatt. Etter eit søk i arkivet hans fann vi ut at mesteparten av opptaka fanst. Dei originale banda, med stereolyd, var det beste utgangspunktet for å lage nye mastrar for CD-utgjeving.

- Vi fekk oppleve fleire trivelege møte heime hjå Arne Bendiksen i Asker. Fine samtalar med gode historier, varm kaffi, nysteikte vaflar og heimelaga bringebærsyltetøy frå eigen hage. Han var ivrig oppteken av ideen om å gje ut serien på nytt, både med innhald og omslag. Han såg dessutan at det handla om viktige verdiar, både musikalsk og kulturpolitisk.

- Vi fekk difor i stand ei samarbeidsavtale, og kunne hente ned dei originale banda frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, for å setje opptaka i god teknisk stand og lage nye mastrar for nyutgjeving på CD. Vi er svært takksame for det gode samarbeidet vi hadde med Arne Bendiksen.

Ta:lik rettar også ein stor takk til Kari Rolfsen, som gav løyve til å bruke dei originale teikningane til omslaga. Og Karl Erik Harr som har illustrert eitt av dei. NRKs eigen musikkteknikar Terje Hellem tok på seg arbeidet med å bearbeide lydopptaka for nyutgjevinga.

Samtidig vart opptak som mangla, eller som ikkje var heilt i orden, henta ut frå NRKs radioarkiv. Alle opptak vart gjennomgått for å finne utfyllande opplysningar om utøvarane og kvar og kva tid dei ulike opptaka var gjort. Gamle opptaksprotokollar og avtaler vart gjennomgått før arbeidet var fullført. Omtale av utøvarane elles, er ifølge ta.lik stort sett uendra.

Under planlegginga av CD-serien kom ideen om å lage ein DVD i tillegg til all musikken. I fjernsynsarkivet i NRK låg det talrike opptak av folkemusikk.

- Etter grundig gjennomsøking i arkivet fann vi mange av utøvarane som hadde vore med på serien, fortel Frode Rolandsgard. - Vi har gjort eit utval av dei det finst opptak med. Og no kan vi presentere den fyrste DVDen med norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv. Halvannan time med om lag halvparten av utøvarane som var med på originalserien «Norsk folkemusikk».

Arkivklippa er henta frå 30 ulike program og seriar, over ein periode på 50 år. Opptaka er gjort i NRK-studio, ute på kappleikar og festivalar, eller i møte heime hos utøvarane. Det eldste opptaket er frå midten av 1950-talet. Opptaka er perler der ein kjem tett inn på utøvarar både i song, spel og dans.

- Norsk folkemusikk er vinden som aldri før. Dei unge viser stadig større interesse for denne viktige kulturskatten. Ikkje minst let dei seg inspirere av arkivopptak som finst rundt i heile landet. Det er å håpe at serien Norsk Folkemusikk kan vere til inspirasjon også i framtida, skriv gjengen rundt ta:lik i ein kommentar.

Første del av denne artikkelen kan du lese her. Heile boksen, med 19 CDar og ein DVD, kan kjøpast direkte frå info@talik.no. Prisen for heile verket er for tida 1500 kroner.