Øystein Sandbukt er gitarist, fylkesmusikar i Møre og Romsdal, og busett i Sunndal.

Med sin solodebut ”Nordmør” har han funne fram slåtteperler frå Nordmøre, og forma desse i solistiske gitararrangement. Albumet er ein gitarist sin hyllest til det nordmørske solospelet, fritt for overdubbing og loopar.

Øystein Sandbukt har ein mastergrad i tradisjonskunst/folkemusikk frå Rauland i 2005. Han har tidlegare delteke på CD med OnkelFolke, Laila Yrvum, Sturla Eide m.fl.

”Nordmør” er spelt inn og miksa i Øra Studio av Jostein Ansnes og Jo Ranheim, der den førstnemnde óg er produsent. Plata kom ut på Øra Fonogram.

Øystein Sandbukt seier sjølv om utgjevinga:

Sjølv om det er gitaren som set premissane for det musikalske uttrykket, er det dei klåre, enkle melodiane og dei markante, gode danserytmane i nordmørsspelet som er hovudingrediensen. Litt arrangert, litt improvisert, noko fritt i forhold til tempo og tonalitet – men i all hovudsak tradisjonelt.

CD-utgjvinga kan bestillast hos Platekompaniet.no, Cdon.no, lastast ned frå iTunes - eller du kan høyra den på Wimp. Om du vil høyre nokre smakebitar, kan du óg gå rett til denne sida hos Musikkonline.no.