Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Myrann, Knut

myrann

Hardingfelespelar busett på Nesbyen
Knut Myrann begynte å spele i 15 års alderen. Dei viktigaste læremeistrane hans var Steinar og Olav Strømmen og Steingrim Haukjem frå Numedal. Han har også spela hos m.a. Torkjell Haugerud og Johannes Dahle frå Telemark og Sigbjørn Bernhoft Osa frå Voss.

Knut har reist frå Taiwan i aust og til USA i vest med fela si. Han har vore mykje i Midtvesten og spela til dans og konsert. Han har vunne A-klassen på Landskappleiken 2 gonger og har mange topplasseringar frå lokale kappleikar. I 1976 starta Knut sitt eige gammaldansorkester som vart Noregsmeistrar i 1982. Dette orkestret var i mange år eit av dei mest etterspurde orkestra innan sin genre.

Heidersteikn:
Æresmedlem i Landslaget for Spelemenn og i Nes Spel- og Dansarlag.
Nes Kommunes Kulturpris
Hallingdalsmedaljen i gull.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk