Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Myhren, Øyonn Groven

Myhren_Oyonn_Groven

Songar, låtskrivar og folkedansar, født 1969 i Oslo

Øyonn Groven Myhren har vakse opp med spel og song i heimen og i familien. Ho er dotter av kvedaren Dagne Groven Myhren (Oslo/Telemark), og hardingfelespelaren Magne Myhren (Hallingdal/Numedal). Frå morsætta har ho alle slags former for songtradisjon. Kjernestoffet skriv seg frå tipp-tipp-tippoldefaren Ånund Berge (1753-1836), som var kvedar, dansar og langeleikspelar frå Rauland. Frå farssida har ho særleg fått inspirasjon til å jobbe med instrumentalsong, som tralling av hardingfeleslåttar. Andre viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore Hagny Huso som var læraren hennes frå 1997 - 2001. Elles har ho rekonstruert tonar oppteikna i Oslotraktene på 1860-talet.

Øyonn har utvikla ein eigen teknikk på norsk mellomalderlyre for å akkompagnere songen sin. Ho har treårig danseutdanning frå Fagerborg vidaregåande skule, halvgått treårig elevskule frå Riksteatret/Hordaland teater, folkloristikk og etnologi frå Universitetet i Oslo, og ho var i det første kullet av uteksaminerte songarar frå kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet (2000).

Groven Myhren jobbar som frilans musikar, og har dei siste åra vore ledande på den norske folkemusikkscena. Frå 1994 arbeidde ho for å få fram den originale tekstversjonen av Draumkvedet etter Maren Ramskeid, Kviteseid. Ho nytta også til dels ukjend tonestoff i si framføring av dette storkvedet. Til Garborgjubileet (1995) skapte ho i lag med skodespelar Marit Koldbræk og spelemannen Odd Lund framsyninga Haugtussa der ho spela, song og dansa Veslemøy. Framsyninga blei sett opp på Det Norske Teatret fleire gonger. Hausten 2000 var ho representant for folkemusikken på den landsomfattande turneen Lydlandskap, ei av Rikskonsertanes største satsingar nokon sinne. 2000/01 var ho engasjert på Västanå teater der ho spelte kring femti framsyningar av Herr Arnes Penningar i tillegg til å ha dikta musikken. Saman med Odd Nordstoga skreiv ho i 2001 tingingsverket Nivelkinn basert på diktsyklusen med same namn av Aslaug Vaa. Urpremieren vart gjeve ut på plate året etter og fekk spellemannprisen. På Groven Myhrens fyrste soloutgjeving, Akkedoria frå Kristiania, trallar ho slåttar, noko som må seiast å vere ei krevjande form å lage ei heil plate på. Hausten 2005 hadde Tryllefløyta – ein folkeopera premiere på den norske Opera. I tillegg til å spela Ung Silja (Pamina) var ho sentral i arbeidet med rollecasting, dramaturgi og deler av dei musikalske arrangementa.

Ho er med i gruppene Åtte Potte (1998 – 2001), Aurora Borealis (1995-2000), Norsk folklore ensemble (1993) og Dvergmål (1995 – 2005), og har samarbeida mykje med kunstnarar frå andre sjangrar, som Bugge Wesseltoft, Bjørn Sundquist, Indra Lorenzen og Stein Winge. Frå 2005 har ho statens toårige arbeidsstipend for folkekunstnarar i etableringsfasa. Øyonn Groven Myhren er kvalifisert til eliteklassa på Landskappleiken, klasse A, og har vunne denne to gonger. Ho har sitte i juryen til INTRO Folk, Rikskonsertanes lanseringsprogram, for 2005 og 2007.
 

Diskografi


Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa 1996) med Dvergmål

I jolo, saman med Alf Tveit og Eilert Hægland (Heilo, 1998)
Harpa, med Aurora Borealis (Grappa, 1997)
Nivelkinn, saman med Odd Nordstoga (Heilo, 2002)
Akkedoria frå Kristiania (Etnisk Musikklubb, 2003). Soloplate
Song i himmelsalar (Grappa, 2004) med Dvergmål

 

Prisar


Norsk folkemusikkfonds folkemusikkpris (1997)
Sagaprisen (1997)
Spellemannprisen for plata Nivelkinn (2002)
 

Presse/Kringkasting


Ivar Dyrhaug, laurdagsunderholdning NRK 1 (1995)
Halvbror til reven (1997)
Folkemusikktimen, NRK P2

 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling

 

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk