Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Moldestad, Sigrid

Sigrid Moldestad|Photo:Magnus Skrede

Sigrid Moldestad|Photo:Magnus Skrede

Folkemusikar og sceneartist, født i 1972 på Breim i Nordfjord, busett i Ulset

Sigrid Moldestad er ein mangfaldig musikar som også har erfaring som scenekunstnar og som kunnskapsformidlar både frå NRK og gjennom eige prosjekt. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og er kvalifisert som A-Klassing på vanleg fele. Modestad er for mange kjend frå gruppa Spindel, der ho og Liv Merete Kroken er dei to felespelarane. Desse to var med i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix 2006. Saman med Liv Merete Kroken og Unni Løvlid har ho danna scene- og kabarettrioen Fjøgl som sette opp tre framsyningar 2001-2004. Ho spelar saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt som fekk Spelemannprisen i 2005 i klassa for folkemusikk/gamaldans for debutplata Gamaltnymalt. Sigrid Moldestad har og vore songsolist og skodespelar. I ei forestilling med Breimskoret spela ho Edit Piaf, og ho var med som skodespelar og musikar i forestillinga Rekneprinsen. I forestillinga - og CD-en - Taus (2007)presenterer ho kvinnelege spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre frå 1700- og 1800-talet, eit interessant stykkje kvinnekultur som vart knebla av vekkjelsesrier, fråhaldssak og nye kvinnelege ideal utover på 1800-talet.

 

Diskografi

2007:    Taus. Felefortellingar (Heilo/Musikkoperatørene)
2005:    Gamaltnymalt (NORCD)
2005:    Spindel "Aminje" (Grappa/Heilo)

2001:    Spindel (Grappa/Heilo)

 

Prisar/stipend

2007:        Spelemannsprisen for plata "Taus"
2007:        Tildeling frå Ole Bull`s Fond
2007:        Luttprisen
2005:        Spelemannsprisen for plata Gamaltnymalt
2001-02:    Statens Etablererstipend for yngre
                folkekunstnarar

1997:        Gloppen Sparebank sin Kulturpris (1997)








| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk