Minneord  i Jon Jelmert og Marit Elisabeth Tuft si gravferd,  5.februar 2013.
Eg skal få lov å bera fram ei helsing frå Organisasjon for folkemusikk og folkedans- FolkOrg , og frå Hordaland  folkemusikklag , som er fylkesleddet i organisasjonen.

Jon var den synlege i folkemusikk-landskapet ,  og det  må difor bli slik at mykje av dette vil handla om han. Eg veit , ut frå samtaler eg har hatt med Jon, at Marit Elisabeth var ein hjørnestein i livet hans. Vi veit og at det arbeidet Jon la ned også måtte tuftast på medverknad og innsats frå heimen. Den takk eg skal prøva å uttrykkja, og den vørdnad eg ynskjer å syna, gjeld såleis dei begge.

-Som mange vil vita var Jon ein ressurs innanfor folkemusikkarbeidet -aktiv, omtykt og dugande  og med ein unik evne til å engasjera og formidla. Formidla kunnskap sjølvsagt, men kanskje mest av alt glede. Glede over å få ting til , glede over musikk, glede over å vera ein del av eit fellesskap. Ingen gjekk tomhendt heim etter ei t møte med Jon, -ingen kunne unngå å bli smitta av entusiasmen , ingen kunne unngå å bli overraska over hans mange uortodokse men verknadsfulle metodar.

Reint fagleg sto han fjellstøtt – han var då og den første som i 1996 gav ut eit læreverk til bruk ved opplæring av nybyrjarar i hardingfelespel. Han hadde tanke for ikkje berre den einskilde, men og for at det måtte vera fungerande rammer og haldepunkt rundt utøvarane og rundt einskildlaga. Slik var han ein av initiativtakarane til Hordaland folkemusikklag i 1982.  Han var den første leiaren der, frå 1983 til 1985, eit verv han også hadde i 1992.   Då Hordaland folkemusikklag feira sin 30-årsdag no i november var Jon naturleg nok  med, -engasjert som vanleg, og med synspunkt på kva som var viktig å ta fatt på , og med tankar om korleis han kunne hjelpa til. 

For sitt lange og omfattande  virke på Osterøy innanfor undervisning og innsamling fekk han fullt fortent Osterøy sin kulturpris i 1993, og vart utnemnd til heiderslagsmedlem i Osterøy spel-og dansarlag i 1994. I tillegg dette var han sjølv ein svært fin utøvar , noko me fekk høyra litt for sjeldan.

Men det var først og fremst såmann han var. Sådde frø i stadig nye spelemannsemner, fylgde dei vidare  og såg til at frøet vaks og gjorde småtassane til store spelemenn og  -kvinner.  Eg veit at dette gledde Jon, - og vi alle veit at utan hans innsats hadde spelemannslandskapet vore mykje fattigare.

Dette var også hovudgrunnen til at Osterøy spel-og dansarlag sende inn eit framlegg om å utnemna han som heidersmedlem i  Folkorg.  Styret i Folkorg hadde det oppe til handsaming  fredag  den 25. januar. Det var aldri tvil om at Jon  fylte alle krav til å bli heiderslagsmedlem, og eit einstemnig styre vedtok det.  At han skulle bli riven bort berre to dagar seinare kjennest uverkeleg og etterlet eit stort tomrom.

Syn oss åkeren din ei morgonstund, sa Olav H.Hauge. Vi har sett åkeren din Jon- den står fint, det veks etter såmannsarbeidet ditt. Vår oppgåve no blir å vørdsla den vidare , rydda nytt land og så på nytt ,slik vi veit at du ville gjort.

Takk til Jon og Marit Elisabeth for alle gode stunder , for inspirerande timar og vel utført gjerning.
Signe minnet.


For HFL og FolkOrg:
Per Øyvind Tveiten
styreleiar