2012 var eit bra år for Erlend Apneseth. Han kvalifiserte seg til A-klassa i hardingfele på Landskappleiken, var med på utgjevinga «Jølster 2012», og han vann plateselskapet Grappas debutantpris. 2013 ser ut til å bli endå betre. Finalespel på Landskappleiken, vinnar av Fureprisen, konsertar på Folkelarm og i oktober er han månadens artist på Riksscenen, med rykande ferskt debutalbum klart frå trykkeriet.  

- Plata er meint å skulle gje eit heilskapleg bilete av meg som musikar, difor har eg førebels spelt inn både slåttar og improvisasjonar, fortel Apneseth. 

- Eg tykkjer det er vanskeleg å sjangerfeste dei frie tinga eg gjer, kanskje er det òg best å la være og prøve og setje ting for mykje i bås. La oss berre sei at det vert i hardingfela sitt vide landskap. Eg håpar og trur eg kan overraske folk på ein bra måte med dette, både i og utanfor folkemusikkmiljøet.

På utgjevinga har han med seg musikarane Øyvind Hegg-Lunde på perkusjon og Stephan Meidell på gitar. Desse vil òg vera med på ein av konsertane på Riksscenen. Produsent og mentor på plata har vore trompetist Arve Henriksen.  

- Han er ei enorm kreativ kraft som ser mogelegheitene, og får ut det beste i ein. Det har vore gull verdt for meg.

«Improvisasjon fortel historiene på ein annan måte, og det fascinerer »

FL_2013_ErlendApneseth_FotoEivindKaasin (4)_framside.jpg
Erlend Apneseth. Foto: Eivind Kaasin

- Kva er det med improvisasjon som fenger deg? 

- Improvisasjon fortel historiene på ein annan måte, og det fascinerer meg. Det er musikk som får meg inn i andre stemningar enn anna musikk gjer. Samstundes utfordrar det måten ein lyttar på. Vi er så utruleg vande med dei same faste formene på nesten all musikk vi blir eksponerte for, og det gjer godt å bryte opp frå desse.

- Det å improvisere krev at ein er fullt og heilt til stades. For å få det til å fungere må ein tørre og vere ærleg. Ein må spele seg sjølv på ein måte – nakent og utan hemningar.

«Eg elskar slåttane som dei er»

- På kva måte er den tradisjonelle folkemusikken med deg når du improviserer?

- Folkemusikken er min absolutt største ballast, og sjølvsagt er den alltid med meg, også i improvisasjonane. Men eg har ikkje nødvendigvis noko fast konkret utgangspunkt i slåttar, tonalitet eller den slags element frå folkemusikken; eg er oppteken av at impulsane skal få komme som dei vil. 

- Eg tykkjer det er moro å få være både spelemann og improvisasjonsmusikar, utan at det nødvendigvis er noko eg treng å blande. Eg elskar slåttane som dei er, og kjem til å fortsette å vere med på kappleikar, sjølv om det vert mykje samtidsmusikk framover.

- Er det nokre musikarar som har inspirert deg på vegen, og på kva måte? 

- Det er så mange at det er nesten vanskeleg å nemne namn. I folkemusikken er sjølvsagt Synnøve, Gro Marie og Sigmund sterke førebilete. Deira musikk har eg vakse opp med. Dei seinare åra er Håkon Høgemo den eg har lært mest av. Daniel Sandèn-Warg har eg også lært og latt meg inspirere mykje av. Og mange fleire. Nils Økland var den som opna døra mi til improvisasjonsverda, og er eit stort førebilete. Elles er Sigbjørn Apeland, Terje Isungset og ikkje minst Arve Henriksen folk eg har lytta mykje på. 


Erlend Apneseth_framsida_foto_EIvind Kaasin.jpg
Erlend Apneseth. Foto: Eivind Kaasin

- Kva er ei god konsertoppleving for deg som musikar? 

- Eg likar å sjå overskot, kreativitet, og at det er rom i musikken til både leik og alvor. Og så trur eg det er viktig at ein kjenner seg inkludert som publikummar; dei beste formidlarane greier ofte å fjerne skillet mellom utøvar og publikum i løpet av ein konsert, og det er ein god og viktig eigenskap. Då kan ein slappe av og nyte ei god konsertoppleving. Ekstra godt er det å oppleve folk med eit tydeleg uttrykk, og ei historie å fortelje som er så viktig at du er nøydd til å høyre heile.

I kveld slepp Erlend Apneseth si fyrste plate «Blikkspor» på Riksscenen i Oslo. Dette er også den fyrste i alt tre konsertar han har som månadens artist på Riksscenen. Konsertserien held fram med «Tett-på» med Erlend Apneseth og Nils Økland 13. oktober, og Erlend Apneseth - Dei nye tradisjonsberarane 25.oktober. Meir info om konsertane finn du på Riksscenen.no

Intervjuet vart først publisert i Riksscenen sitt sesongprogram.