Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Maurseth, Benedicte

BenedicteMaurseth2

Folkemusikar født i 1982 Eidfjord i Hardanger, busett i Bergen.

Benedicte Maurseth arbeider kombinert som hardingfelespelar og songar/kvedar. Ein viktig del av repertoaret hennar er dei gamle slåttane frå Hardanger. Dei er ofte lyriske og mangfaldige, og mange av dei er godt bevarte. Saman med felespelaren Knut Hamre har ho gjenge nye vegar idet ho har teke i bruk gamle hardingfeler frå 1600- og 1700-talet. Ved å bruke tarmstrengar og barokkboge på desse felene får ho fram ein djup og varm klang i musikken. Maurseth er utdanna ved Ole Bull Akademiet. Hardingfelespelet har ho i all hovudsak tileigna seg frå meisterspelemannen Knut Hamre, men også frå Stein Versto og Leif Rygg. I dei seinare åra har ho og lært av barokkmusikarar som til dømes Bjarte Eike og Peter Spissky. Både på hardingfela og som songar opptrer Maurseth som solist. I tillegg samarbeidar ho med musikarar frå ulike sjangrar, særleg i krysningen folkemusikk/ barokkmusikk og meir improvisert musikk, samt samtidsmusikk. I 2006 gav ho og Knut Hamre ut CD-en Rosa i botnen. Det kan seiast at denne CD-en gjorde omgrepet «tidleg slåttemusikk» gjeldande. Gjennom den gamle spelestilen har dei eldste slåttane fått attende ein dimensjon som lenge har vore tapt.

 

Diskografi

Rosa i botnen (sammen med Knut Hamre, Heilo/Grappa 2006)
 

Andre utgjevingar

DVD (http://www.feberfilm.no/video/BenedicteFinal.wmv, 2007)

 

Prisar

Kåret til Årets unge folkemusikar i programmet INTRO-folk (2007)

 

Presse / kringkasting

NRK folkemusikktimen, 19/11 2007

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk