Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Marylands

Marylands

Marylands spelar god, gammal bergensk runddansmusikk.
Under leiing av den legendariske bergensspelemannen Finn Vabø har nokre av dei aller beste spelemennene i landet kome saman for å spele dansemusikk av beste sort. Med sin særeigne ”groove” og trøkk spelar denne gruppa musikk som verkeleg svingar! På repertoaret finn ein alt frå dei små, enkle og korte slåttane, til dei store og nærmast virtuose. Alt dette framført på ein typisk ”bergensk” måte. Slåttane har Vabø lært av tilflytta spelemenn til Bergen. I gruppa finn ein mange kjende namn: Finn Vabø, Øivind Vabø, Steinar Rygg, Monika Antun, Håkon Høgemo, Synnøve S. Bjørset, Elna F. Selle, Synnøve Øvrebø, Hallgrim Skjerdal, Elisabet Eikås, Axel Heienberg, Olav Tveitane og Sigbjørn Apeland. Med 11 hardingfeler, eit trøorgel og ein gitar/cister kan denne gjengen gje deg ei musikk-/danseoppleving som du seint vil gløyme.

Konsertreferansar: Førde Int. Folkemusikkfest. 2001, Telemarkfest. 2001.

Diskografi

Marylands (2001) - Heilo/Grappa

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk