Konsertane vert arrangert i eit samarbeid mellom Hardanger Folkemusikksamling og Hardanger Folkemuseum. Dei fleste konsertane vert arrangert på utvalde fredagar med påfylgjande quiz og pubkveld, i dei nyopna kafélokala på loftet på museet. 

Lajla Renate Buer Storli, Polka med Støyt og Linda Gytri har allereie vore på besøk på seinsommaren, men publikum har mykje bra i vente utover hausten. Allereie i kveld kjem gruppa STY, med dansaren Sigbjørn Rua, songaren Unni Boksasp og spelemann Per Anders Buen Garnås. Det er også opning av fotoutstillinga Ei fele fortel ti historier, av fotograf Morten Golimo. 

I tillegg til konsertar kan ein sjå landets mest komplette samling eldre hardingfeler, og ei moderne utstilling om hardingfela og folkemusikken. Ein kan og vitja Hardanger folkemusikksamling som held hus på museet. 

Program hausten 2013


Fredag 13. september 
STY
Telemarkskveld med Per Anders Buen Garnås, Unni Boksasp og Sigbjørn Rua  i gruppa Sty. 
Opning av fotoutstillinga Ei fele fortel ti historier av Morten Golimo.

Laurdag 28. september  
Trond 300 
Jubileumskonsert for felemakar Trond Isakson Flatabø. Ragnhild Hemsing, Knut Hamre og Frank Rolland spelar på Trondafeler, og Bjørn Aksdal fortel historia om felemakarane frå Botnen. 

Fredag 1. november 
Sudan Dudan
Folkemusikk frå Valdres med suksess-duoen Sudan Dudan.

Fredag 8. november 
Stemningsfull konsert med topp musikarar frå Kina. Høyr lyden av guzheng, yangqin, erhu og pipa.

Fredag 22. november 
Valseria - eit valseverk
Fliflet m fylgje byr på vals frå Noreg, Paris og Balkan.

Sundag 8. desember 
Folketonar i ventetid
Konsert med elevar frå Eidfjord skule, kulturskulen i Eidfjord, Reidun Horvei, Einar Mjølsnes, Frank Rolland, Geir Botnen, Ole Marius Sandberg og Guttorm Rogdaberg. Konserter vert på Lægreid skule

Fredag 13. desember 
Berit Opheim rundar av sesongen med solokonserten Tre vakre vener.


> Følg Hardanger Folkemuseum på Facebook

> Heimesidene til Hardanger Folkemuseum