Hjem > Aktuelt > CD-utgjevingar > 2013 > Artikkel

Unni Løvlid

Lux

Platecover_Lux_UnniLøvlid(crop440x440px)

På «LUX» møtar Unnis nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige religiøse folketonane samtidsmusikkens klanglege utforskartrang.

Unni Løvlids først albumutgjeving på fem år, LUX, er både modig, utfordrande og nådelaust vakker på same tid. Hennar forrige album «Rite» bestod av eigenkomponerte låter i eit slags eksperimentelt elektronika-landskåp, og fekk strålande kritikkar både her heime og ute. På «LUX» bringer ho religiøse folketonar og ein bånsull frå Sogn og Fjordane inn i heilt nye klanglandskap.

Sångaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innen folkemusikken, men ho har heilt sidan ho var student også arbeidd med samtidsmusikk. Ho har fremført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja Ratkje, og gjort konsertsamarbeid med bl.a. støyduoen Fe-Mail. På eksamenskonserten hennar ved Noregs Musikkhøgskule fremførde ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912.
LUX

På «LUX» møtar Unnis nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige religiøse folketonane samtidsmusikkens klanglege utforskartrang. Tekstar det lille mennesket, om død og om håp. Inn i dette prosjektet har ho har invitert med den Spellemannvinnande og virtuose samtidsbassisten og venen Håkon Thelin (Poing, Oslo Sinfonietta, Ensemble Modern), som ho har arbeidd tett med i ei årrekkje.

I omslagsteksten skriv Håkon: «Til tross for Unni si ofte langsomme og sanselege kommunikasjon av teksten, forblir melodiane glødande, som om orda høyrer til på jorda og melodien strekkjer seg inn i en himmel fylt med lyst. Og, for meg er det aller vakresta med sangen til Unni at eg alltid føler stemmen hennar i seg sjølv smilar og kaster varmt lys over tonen.»

Sentrale på albumet er også duoen Draup som spelar på glas, og bidreg med ein nær utanomjordisk stemning. Unni har også invitert inn den profilerte samtidskomponsiten Jon Øyvind Næss som har laga skrive arrangementet til Ned i Vester.

Det er plateselskapet Grappa (Heilo) som står bak utgivelsen.


 


| Tips en venn | Skriv ut |