Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lie, Jo Asgeir

Jo-Asgeir+Lie-lite

Jo Asgeir Lie (f. 1972) har ein brei musikalsk bakgrunn, som spenner frå klassisk og samtidsmusikk, til folkemusikk og jazz. Han har medverka på eit 20-tals plateinnspelingar, både som musikar, komponist, arrangør og produsent.

I tillegg til å ha skapt seg ein musikalsk ståstad både som ensemblemusikar og som solist, har han også ein omfattande produksjon som komponist og arrangør. Han har skrive både teatermusikk, kammermusikk og solostykke. Saman med Kvarts har han vore med å skrive og framføre fleire større bestillingsverk til ulike folkemusikkfestivalar i Noreg. Han har også komponert ein folkemusikkliturgi som er teke inn som eit av forslaga til nye liurgiar for Den Norske Kyrkja.

I 1998 var han med å starte folkemusikkgruppa Kvarts, og med denne gruppa har han fått Spellemannsprisen to gonger, i 1999 og i 2006. Han har også samarbeidd med ei lang rekkje markante norske musikarar, både som utøvar og som komponist.

Jo Asgeir Lie er fødd og oppvaksen på Voss, men er no busett på Ål i Hallingdal. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, med trekkspel som hovudinstrument. Etter studia, der han mellom anna tok hovudfag i folkemusikk, var han rektor i Ål kulturskule, ein jobb han hadde fram til 2011. Frå 1. januar 2012 vart han tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.

 

CD-utgjevingar

De beste- 60 år i livet, 40 år på veien (2012)
Veluring (2012)
Varde (2011)
Hjemmseier (2011)
Fuggel'n (2011)
Kristian Øvrevollseie (2010)
Sputer  og drev- munnharpe i 100 (2010)
Vindfløytesong (2010)
Folkemusikk i symfoni (2009)
Olav Luksengård Mjelva, fele og hardingfele (2009)
Heidersmenn (2009)
Ekte døl (2008)
Steinsprang (2006)
Skal, skal ikkje (2004)
En annen dans (2003)
Tonar frå mitt ringe strengespel (2002)
Filigran (2001)
Vossingen (2000)
KVARTS (1999)
Folkedanser frå Finnmark (1998)
Slørblå junikveld (1998)
I svevet (1992)

Cd-utgjevingar som komponist/produsent: Tre Begrædelige Piger: Til deg (2004)

Konsertreferansar:

Rikskonsertane, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Den Norske Folkemusikkveka, Osafestivalen, ei rekkje radio- og Tv-program, International Grüne Woche, Berlin, Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida Millennium Stage, Kennedy Center, Washington DC


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk