Den offisielle appen for Landsfestivalen i gammaldansmusikk er no klar! Du finn lett ut kvar og når tevlingane finn stad, kven som tevlar, siste nytt og viktige oppdateringar. Du kan også sjå og tagge bilete gjennom Instagram (#landsfestivalen).

  • Sjå startlister og resultat
  • Følg med på siste nytt om Landsfestivalen
  • Les oppdatert program
  • Finn viktig informasjon om festivalen
  • Kart over festivalområdet
  • Sjå bilete frå festivalen (#landsfestivalen)

Appen er tilgjengeleg både for iPhone- og Androidtelefonar. Du finn han i AppStore (iPhone) eller Google Play (Android).
 
NB: Me gjer deg merksam på at appen nett er lansert, og det kan framleis vera nokre problem med appen. 

Lurar du på noko, har tips til forbetringar – send ein e-post til anbjorg@folkemusikk.no!