Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Geitungen

Langt ute

Geitungen_cover_LANGT UTE_kvadrat

Plata Langt Ute presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant festsugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid.

Geitungen, trioen bak plata, spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.

Langt Ute er Geitungens tredje plate, og blir gitt ut på Grappas folkemusikk-label, Heilo. Plata er ein oppfølgjar til plata BRA KAST som blant anna fekk pris for beste plate i open/eksperimentel klasse ved Norwegian Folk Music Awards 2005. BRA KAST inneheldt låtar frå alle områdene innan Rogalandsk tradisjonsmusikk, på Langt Ute har Geitungen konsentrert seg meir om låtane frå Bjerkreim.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - Norwegian