Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Langeland, SINIKKA

Sinikka

Folkesongar, kantelespelar og komponist, født (1961) og busett i Grue kommune på Finnskogen

Sinikka Langeland er songar og kantele-spelar med dei rike folkemusikktradisjonane frå Finnskogen og Solør som ei viktig kjelde. Gjennom mange år har ho arbeidd med å få fram både ukjente middelalderballadar, religiøse folketonar og runesongar frå Finnskogen. Dette er til dels kulturhistoriske landskap der få har vore før henne. I tillegg arbeider hos fram eige materiale. Instrumentet hennar er Kantelen, eit finsk strengeinstrument. Ho brukar ein konsert-kantele med 39 strengar saman med song. Sinikka Langeland har utdanning frå Ecole Jacques Lecoq i Paris og eksamen i Musikkvitskap frå Universitetet i Oslo.

I 1994 kom debutplata Langt innpå skoga, ein av fleire CD-ar der ho framfører viser og musikk frå Solør og Finnskogen. Tonsettingar av dikta til Hans Børli resulterte i CD-en Har du lyttet til elvene om natta. Dette materialet er ein viktig del av repertoaret hennar, og på turné i utlandet syng ho ofte Børlis tekstar i engelsk gjendikting. Etter kvart gjekk ho nærare inn på den gamle finsk/ugriske kulturen som kom til grensetraktene på 1600-talet. Frå denne kulturen har ho henta fram gamle runesongar som ho har gjendikta og presentert både i bok og på CD-ane Tirun lirun frå 2001 og Runoja - runesanger frå Finnskogen som kom i 2002.

I samarbeid med organisten Kåre Nordstoga ha ho forska i slektskapet mellom folkelege former av gamle salmetonar og J. S. Bach sine koralar over dei same salmane. Dette arbeidet er presentert på 3 innspelingar og gjennom ei rad kyrkjekonsertar rundt om i landet. Sinikka har gjennom heile karrieren laga eigne songar og verka som komponist og arrangør. Ho har mellom anna gjort tingingsverk for Hedmark Teater og NRK. I 2007 blei CD-en Starflowers utgjeven på det internasjonalt kjende plateselskapet ECM. Sinikka turnerer i Noreg og utlandet, og ho samarbeider både med jazzmusikarar, klassiske musikarar og andre folkemusikarar.

 

Diskografi

Langt innpå skoga (Grappa, 1994)
Har du lyttet til elvene om natta (Grappa, 1995).
Strengen var af røde guld (Grappa, 1997)
Lille Rosa (Grappa 2000)
Tirun Lirun (Nordic Sound, 2001)
Runoja (Geilo/Grappa, 2002)
Stjerneklang (med Andreas Liebig Heilo/Grappa, 2002).
P
åsketona (med Kåre Nordstoga på barokkorgel, Nordic Sound, 2004)
Kyriekoral (med Kåre Nordstoga, Nordic Sound, 2005)
Starflowers (ECM, 2007)
 

Bøker

Strengen var af Røde Guld (bok med CD, sanger samlet av Ludvig Mathias Lindeman,1997)
Karhun Emuu - runesang fra Finnskogen. (Aschehaug Forlag, 2001) 

Prisar

Vardeprisen (1996)
Finnskogprisen (1996)
N
ominert til Spelemannprisen (for CD-en Lille Rosa, 2001).
TONOs Edvard-pris i klassen "Musikk i grenseland" for albumet Runoja (2003)
F
insk-norsk Kulturinstitutts kulturpris (saman med Ove Berg 2004)
 

Presse / kringkasting

har vore ukas P2-artist i NRK P2
Diverse portrett og intervju i ulike media


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk