Det er Hedmark folkemusikklag som står som arrangør av Landsfestivalen i Løten 17.-21.juli. Dei har heile 14 medlemslag i ryggen som alle har sagt ja til at Landsfestivalen skal vera i Hedmark for fyrste gong. Hovudkomiteen med Stig Nilssen som leiar la ned eit grundig førearbeid før Hedmark Folkmusikklag søkte FolkOrg om å få arrangera Landsfestivalen i 2013. Hovudlinjene for festivalen er lagt, og detaljarbeidet har byrja for alvor i dei ulike komiteane.

Stig Nilssen var godt nøgd med møtet der dei ulike komiteane hadde kvar sine møte i tillegg til fellesbolkar med informasjon frå Stig Nilssen og Rannveig Djønne i FolkOrg. Reint organisatorisk er det noko meir utfordrande å ha med 14 medlemslag i organiseringa enn dersom berre eit spelemannslag arrangerar Landsfestivalen åleine fortel Stig Nilssen. Men samstundes har Hedmark folkemusikklag ein unik sjanse til å få ringverknadar av festivalen og engasjement kring den frå heile fylket. Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Løten skal vera ein kulturfestival som skal presentera Hedmark fylke for deltakarar og publikum frå heile landet både i høve mat og kulturprogram.

Dei ulike arenaene under festivalen; Løtenhallen, Bøndernes hus (Bondsen) og teltarenaen ligg rett attmed kvarandre, noko som lovar godt for ein tett og intim festival. Det vert overnatting på skular og ikkje minst på det enorme campingarealet som festivalen får låna. Her er det plass til over 700 campingvogner. Det er heller ikkje langt til korkje Hamar eller Elverum dersom ein ynskjer å bu på hotell.

Deltakarantalet på Landsfestivalen har hatt ei særs god utvikling med 35 % auke på tre år. Landsfestivalen i Vågå i 2012 hadde noko over 700 deltakarar, og både Hedmark Folkemusikklag og FolkOrg vonar at alle desse spelemennene, dansarane og fleire til kjem til Løten. Spesielt i juniorklassane hadde det vore ynskjeleg med ei høgare deltaking. Klassa «Samspel junior» var ny under Landsfestivalen i Vågå, og ein vonar at denne klassa etter kvart kan få mange deltakarar frå alle kantar av landet. I denne klassa skal ein vera to eller fleire utøvarar mellom 12 og 18 år som spelar i lag og det er ingen avgrensingar i høve instrument.

Landsfestivalen i Løten er ein veldig inkluderande organisasjon som prøver å engasjera flest mogeleg. Tevlings- og kulturnemnda har til dømes hatt ein runde med Hedmark Juniorspelemannslag for å få råd frå dei unge spelemennene på kva dei tykkjer kan vera ein fin deltakarpremie til juniorane under Landsfestivalen. Heile 50 kreative forslag kom inn, og juniorane i Hedmark ynskjer seg alt i frå harpiks, penal, drikkeflaske og matboks til tur på tivoli, ein Mac Book Pro, litt godteri eller eventuelt ei sofapute. Det vert spanande å sjå kva tevlings – og kulturnemnda endar opp med.

Følg landsfestivalen på landsfestivalen.no eller på facebooksidene deira.