Kom for musikken! Kom for dansen! Kom for festen!

Det er slagordet til årets utgåve av den tradisjonsrike Folkemusikkveka på Ål. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 1976, då under navnet Folkemusikkdagane på Ål. Sidan den gong har festivalen vore eit viktig arrangement for mange folkemusikkinteresserte. Folkemusikkveka samlar kvart år folkemusikarar og publikum frå heile landet til fleire dagar med konsertar, konkurransar og på Ål i Hallingdal. 

- Folkemusikkveka har dei siste åra forsøkt å fornya seg, samstundes som ein vil at publikum skal kjenna att den velkjende profilen. Ein har drøfta både namn, programprofil og målgrupper. Me er nøgde med forma på årets festival og vonar dette er ein profil også du vil lika, skriv styret i programheftet for festivalen. 
Festivalen opna laurdag førre veke med ynskjekonsert i Sundrehall, og held fram torsdag med den årlege kyrkjekonserten. 

- Kyrkjekonserten i år kallar me «På vandring» og hovudpersonen er kanskje den mest kjende vandraren av alle, Elias Akselsen. Med si unike og kraftfulle stemme tek han oss med på ei musikalsk reise gjennom tid og rom me garanterar vil gje både gåsehud og tårer i augun, heiter det i programbladet. 

Sterk lokal profil

Eit av måla for årets festival er å nå ut til eit større lokalt publikum, og på plakaten i år står mange lokale musikarar og dansarar, både som artistar og kurshaldarar. Publikum kan mellom anna oppleve felefrukost med Ingebjør Sørbøen og Åsmund Jøtun Fauske, sterke hallinglåttar med Hilde Kirkebøen og Øyvind Brabant, lynkurs i hallingspringar med Ola Stave, durspelkonsert med Thorleif Stave og telemarkingen Anders Lunden Herfoss, comeback med Sundre Jetset, samt songskattar frå Hallingdal med Bodil Haug, Inger Mari Lien Rust og Gunnlaug Lien Myhr. 

Fredag vert det festkveld med den lokale visesongaren og spelemannsprisvinnar Stein Torleif Bjella. Etter Bjella held festen fram med gamaldans med Toradertrioen frå Hallingdal og dans til mellom anna Hilde Kirkebøen , Jan Beitohaugen Granli og Lars Ingar Meyer Fjeld.

Ellers vert det mellom stemningstund med Sudan Dudan,  og slåttar på bristepunktet med Jan Beitohaugen Granli, Daniel Sandén Warg og Ulf-Arne Johannessen. 

Kårar årets Fanitull

Fast post på festivalprogrammet er den årlege Fanitulltevlinga. Denne tevlinga har trekt til seg spelemenn og -kvinner frå heile landet, og laurdag kan du oppleve Noregs beste spelemenn på fele og hardingfele tevle om sigeren, 30 000,- i prispengar og Olav Thons pokal.

I tillegg vert det ei eiga hallingdanstevling laurdag, der 10 000,- kroner vert delt ut til den beste lausdansaren. Dommarar for tevlinga er Leif Stinnerbom, Frode Rolandsgard og Ulf-Arne Johannessen. 

> Sjå fullt program på heimesidene

> Last ned programhefte

> Følg Folkemusikkveka på Facebook

 

ARTISTLISTE 2013

Stein Torleif Bjella
Toradertrioen
Sondre Bratland 
Ål-Koret
Elias Akselsen 
Daniel Sandén Warg
Stian Carstensen
Sundre Jetset
Sudan Dudan
Gunnlaug Lien Myhr
Inger Marie Lien Rust
Bodil Haug
Haugerud, Finngardsen, Evje
Jan B. Granli
Ulf-Arne Johannessen
Hilde Kirkebøen
Thorleif Stave
Øyvind Brabant
Anders L. Herfoss
Ingebjør Sørbøen
Ola Kvinnegard
Åsmund Jøtun Fauske