Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kvernberg, Jorun Marie R.

jorun+marie+foto3+-+Yina+Chan

Musikar, komponist og arrangør. Frå Fræna i Romsdal, født 1979.

Hausten 2006 ga Jorun Marie Kvernberg ut si første soloplate, og sommaren etter kom ho til finalen i Rikskonsertane sitt lanseringsprogram Introfolk, også som solist. Kvernberg er utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo med fele og hardingfele som hovudinstrument (1999-2004). Der møtte Kvernberg også sine medspelarar i gruppene Tindra og Majorstuen, som er ein viktig del av hennar musikarkarriere. Kvernberg er ofte å høyre i ensembelsammenhenger, mellom anna saman med gruppene Bruvoll/Halvorsen, Camilla Granlien Band og Unni Boksasp Ensemble.

I Kvernberg si solosatsing er det slåttemusikken frå Møre og Romsdal som står i høgsetet. Kvernberg presenterar også eit knippe sangar kor ho akkompagnerer seg sjølv på fele og hardingfele. Kvernberg er kjent for si sterke sceneutstråling, og med det varme og gnistrande felespelet sitt, gjer ho den solistiske folkemusikken fra heimfylket levande og aktuell for eit bredt publikum.

For åra 2009 og 2010 er Kvernberg tildelt Statens Kunstnarstipend, arbeidsttipendet for yngre folkekunstnarar.

 

Prosjekt


Tindra - www.tindratrio.com
Majorstuen - www.majorstuen.biz
Bruvoll/Halvorsen - www.myspace.com/bruvollhalvorsen
Camilla Granlien Band - www.myspace.com/camillagranlienband
Unni Boksasp Ensemble - www.boksasp.no

 

Diskografi


2009: Tindra: «Den kvite hjorten» (ta:lik)
2007: Unni Boksasp: «Songar frå Havdal» (ta:lik)
2007: Medverking på cd Camilla Granlien Band: «Jarnnetter» (ta:lik)
2007: Bruvoll/Halvorsen: «Trillar for to» (Grappa)
2006: Jorun Marie Kvernberg: «Album» (ta:lik)
2006: Majorstuen: «Juledrøm» (Majorstuen Fiddlers Company)
2006: Tindra: «Lukkeleg vaking» (ta:lik)
2004: Majorstuen: «Jorun jogga» (Majorstuen Fiddlers Company)
2003: Majorstuen: «Majorstuen» (2L)

 

Prisar


2003: Øivind Berghs Minnepris
2003: Spellemannsprisen for Majorstuen/«Majorstuen»
2005: Kvartsprisen Tindra
2005: Edvardprisen (TONO) for tingingsverket «Då kom du».
2006: Nominert til Spellemannprisen x 2 (Tindra og Majorstuen)
2007: Nominert til Folkelarmprisen x 2 (Solo)
2008: Beste dansespel, Lansdkappleiken 2008.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk