Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kvarts

Kvarts2-lite

Folkemusikkgruppa KVARTS er sett saman av Jo Asgeir Lie, Øystein Rudi, Tom Willy Rustad og Erlend Styve.

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna fått to Spellmannprisar. Gruppa er solid rotfesta i den norske folkemusikken, men Kvarts eksperimenterer også medvite med å kombinere ulike musikalske sjangrar. Med ei rekkje instrument og med humør og speleglede har gruppa fått eit stort publikum i løpet av dei ti åra gruppa har eksistert. Repertoaret til Kvarts er ein kombinasjon av norsk tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale.

Gruppa har og har hatt vellukka samarbeid med ei rekkje kjende norske musikarar, som t.d. Kringkastingsorkestret, Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen.

Kvarts har laga musikk til fem større tingingsverk: Gneistar (Den Norske Folkemusikkveka, 2000), konsertframsyninga Skal, skal ikkje (Rikskonsertene/Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, 2002), folkemusikkmessa Messe for tvil (Tvilsdagene, Hamar, 2005), Musikalske vossastubbar (Voss Spelemannslag/ Osafestivalen 2007) og Tonar til hjarta (2009).

Kvarts har også medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og gruppa har turnert i inn- og utland, mellom anna for Rikskonsertene.

Diskografi

2009 Folkemusikk i symfoni (med Kringkastingsorkesteret)
2008 Ekte døl
2006 Steinsprang
2004 Skal, skal ikkje
2001 Filigran
1999 Kvarts

Besetning

Jo Asgeir Lie (trekkspel)
Øystein Rudi (fele, hardingfele)
Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar)
Erlend Styve (vokal, gitar)

Konsertreferansar:

Konsert med Kringkastingsorkestret (2007), konsertar med Jonas Fjeld (2006-), Istanbul (2007), Tvilsdagene, Hamar (2005), International Grüne Woche, Berlin (2003, 2004 og 2005), Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida (2002), Millennium Stage, Kennedy Center, Washington DC (2002), NRK-musikere under OL i Salt Lake City (2002), Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2000, 2002 og 2006, Den Norske Folkemusikkveka (1999, 2000, 2001, 2007), Jørn Hilme stemnet (2003), Telemarksfestivalen (2003) og Norrsken (2000)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk