Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Krohn, Tone

krohn_helfigur

Tone Krohn, vokalist, busett i Sandefjord
Tone Krohn med eige materiale kombinert med tradisjonelt stoff i eigne arrangement. Sidan ho fekk Prøysen-prisen i 1979 med gruppa Huldrelått, har ho vore med på mange prosjekt og samarbeidd med enda fleire musikarar. Ho har sunge med den svenske jazzbassisten Georg Riedel, turnert med den franske kyrkjeorganisten Dominique Chevaliér, og ikkje minst saman med fløytisten Ellen Lohne har ho hatt ei rekkje konsertar m.a. på Molde-jazzen. Ho har fått skryt for sine tolkingar og sin klokkeklåre røyst i Duke Ellington sin Sacred Concert og det musikalske Skagen-tablået Eventyret om virkeligheten og i 2000 var ho med på å hauste sjeldant entusiastiske ovasjonar for festspelprosjektet Lyarblått ved Damvann i Lågendalen. For tida er Tone plateaktuell med CDen ULA (= Vestfold-huldra som hentar kraft frå naturen). Ho har drive innsamlingsarbeid både av religiøse folketonar og av barnetradisjonelt stoff. Dette er eit arbeid som er støtta av Vestfolk fylkeskommune. Elles arbeider ho som vokalpedagog ved MDD på Sandefjord vidaregåande skule.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk