Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Platemelding / Bladet Folkemusikk

Kontrollert

Foto: Magne Sandnes

Foto: Magne Sandnes

Langt ute er den tredje plata til gruppa Geitungen. Platemeldar Sigbjørn Apeland skriv om plata at han virkar kontrollert.

- Langt ute - Geitungen
- Heilo

Dette er den tredje plata til Håvard Ims (to- og treradar), Olav Christer Rossebø og Vidar Skrede (begge: feler, gitarar, mandolin o.l.). Også denne gongen er det slåttar frå Sør-Vestlandet – i hovudsak Bjerkreim – som dominerer valet av låtar. Også spelemåte og arrangement er lette å kjenna att frå den førre plata, som fekk folkelarmpris i 2005.

Anglo-amerikansk rockeinspirert folkemusikk og norsk slåttespel er sameinte på truverdig vis. Det høyrest ikkje ut som om musikarane prøver å “rocka opp” låtane. Dei av oss som har høyrt arkivopptaka som er kjeldene til fleire av låtane, veit at Geitungen og til dømes Ivar Fuglestad let veldig ulikt. Likevel: Melodiane toler godt å bli spelte på begge måtane.

Article image
Geitungen - Langt Ute (Grappa)

Lydproduksjonen er god, men høyrest veldig komprimert ut. Det vil seie: Alle lydane let meir eller mindre like høgt. Det let mindre dynamisk enn når ein direkte høyrer akustiske, svært ulike instrument klinga saman. Det er godt spelt, men kontrollert og velprodusert – ikkje berre i den positive tydinga. Det høyrest at musikarane har øvd mykje, og at teknikarane har godt utstyr som dei veit å utnytta, men dermed mister ein gjerne litt av det musikalske overskotet som meir rufsete framføringar og lydfestingar ofte har.



Omslaget kommuniserer ein smule dobbelt: Designarfirmaet Grandpeople er, med sin filleryenorske – og dermed “folkelege” – popkunst, med på å plassera Geitungen i ein genrelaus musikkultur, der “musikk er musikk”, korkje folk eller rock, høg eller låg. Men samstundes er det vesle av tekstleg informasjon som finst, trygt plassert innanfor godt, gamalt folkemusikkspråk, med sine kjeldereferansar.



Å tufta ei platemelding på lydteknologi og omslagsdesign kan verka som ei avsporing frå å vurdera “sjølve musikken”. Men nettopp denne plata – som lyd, visuell utforming og medfylgjande tekst – viser tydeleg at folkemusikk ikkje er noko “naturleg” som veks opp or den – i dette tilfellet – rogalandske jorda, men noko som her vert utforma av folk som til dømes bur i mellomstore byar, nyttar seg av moderne teknologi og har høyrt mange plater i løpet av sine unge liv.

Sigbjørn Apeland


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - Norwegian