Kongepokalen vart delt ut under meisterkonsert på Landskappleiken på Røros sundag. Bjørkås har tidlegare vunne klassa for spel fele A i 2003, 2010 og 2012. 

I finalen kniva han med tre andre finalistar Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Erlend Viken. Aslak Brimi kom på andreplass, med Erlend Viken og Bjørn Kåre Bråten Odde på dei neste plassane.

Sist kongepokalen vart delt ut i spel fele var nettopp på Røros i 2005. Då vann Gjermund Larsen. Tidlegare vinnarar av kongepokalen i spel fele er Trond Steffen Westberg (1999), Marie Eggen (1992) og Ivar Schjølberg (1980). 

Per Anders Buen Garnås - meisterkonserten_440
Per Anders Buen Garnås frå meisterkonserten sundag. Foto: Eivind Kaasin

Per Anders Buen Garnås til topps i hardingfele

I hardingfelefinalen laurdag tevla Jan Beitohaugen Granli, Per Anders Buen Garnås og Erlend Apnseth om sigeren. Dommarane endte til slutt på Per Anders Buen Garnås som vinnar av klassa, med Jan Beitohaugen Granli på andreplass og Apnseth på tredje. 

Erlend Apneseth
Ny pris til den unge hardingfelespelaren frå Jølster. Foto: Eivind Kaasin

Fureprisen til Erlend Apneseth

I Fureprisfinalen laurdag var fem folkemusikarar under 25 år med å kjempe om prisen. På scena stod Erlend Apneseth (hardingfele), Hans Kjorstad (fele), Tor Hoslemo (hardingfele), Mari Midtli (vokal) og Ida Furusæter (durspel). Til slutt falt juryen sitt val på hardingfelespelaren Erlend Apneseth frå Jølster. Prisen er på 50 000,- kroner. 

Hovuddommar for Fureprisen i år har vore Berit Opheim som har høyrt heile 93 utøvarar under på Landskappleiken. Meddommarar har vore Eli Storbekken (vokal folkemusikk), Sjur Viken (spel fele), Herbjørn LIahagen (spel hardingfele), Ailin Kristine Mørkve (durspel) og Arnt Magne Haugen (eldre folkemusikkinstrument)