TRONDHEIM: – Det er ei ære å bli plukka ut, og eg er audmjuk når eg tek over etter Egil. Dette er livsverket hans. Eg vert skremt sjølv når eg snakkar om det. Men eg har heile Rff-sentrets kompetanse med meg når eg set i gang. 

– Fortel oss litt om bakgrunnen din. Kven er du? 
– Eg er biolog, men eg har vore folkedansar lenger. Å danse begynte eg med då eg stod på beina til bestefar, før eg kunne gå skikkeleg. Eg har òg teke tradisjonskunnskap i dansevitskap i Trondheim. For to år sidan vart eg hanka inn til Rff og har jobba med danseundervisning. Eg speler fele også, men det er dansen eg har prioritert. 

– Kva er dei viktigaste problemstillingane for norsk folkemusikk no? 
– Utfordringane er fyrst og fremst innanfor dansen. Det er der det er låg aktivitet. Musikken har vore gjennom ei profesjonalisering og blitt mykje meir synleg. Dansarane når ikkje gjennom i konkurransen når dei søkjer stønad i Kulturrådet. Dei vert ikkje sett på som profesjonelle nok fordi dei ofte manglar formell utdanning.

– Det vert mykje dans. Kjem folkemusikken til å gå for lut og kaldt vatn?
– Nei, det skal han ikkje. Det kan eg love. Rff-sentret har fleire fagtilsette i musikk enn i dans, og det er mykje musikk i arkiva.

– Kor er folkemusikken og -dansen om ti år? 
– Då håpar eg det er meir normalt å høyre på norsk folkemusikk enn irsk. Og at dansen er meir kopla til folkemusikken og er ei akseptert kunstnarisk uttrykksform.
 
– Om femti år, då? 
– Hehe. Det var eit langt perspektiv. Eg håpar det er allemannseige att og ein levande tradisjon. 

– Korleis er det å fylle skoa til Egil Bakka? 
– Det er ikkje mogleg. Det finst berre ein Egil Bakka. Dessutan hadde han to jobbar. Førsteamanuensis Anne Margrete Fiskvik overtek jobben som programleiar for dansevitskap. 

– Korleis skal du fylle den eine skoen? 
– Eg må prøve å oppfylle formålet me har i stiftinga på best mogleg måte. Eg er ikkje Egil, men saman med kompetansen i senteret og i styret og rådet blir det nok bra. 

– Kva tilfører du Rff?
– Ein av tinga eg ønskjer senteret skal bli betre på, er å kommunisere ut all aktiviteten som finst. Det skjer frykteleg mykje, men det er ikkje så lett å sjå. 

Om Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff)

  • Ein sjølvstendig institusjon organisert som ei stifting.
  • Egil Bakka starta, bygde ut og leia institusjonen frå starten i 1972. 
  • Stiftinga har sete i Trondheim og har hovudfinansiering frå Kulturdepartementet.
  • Stiftinga har eit utoverretta, samordnande organ for feltet, Rådet.
  • Stiftinga har og eit utøvande organ, Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret).
  • Rff-sentret driv arkivarbeid, forsking og formidling og har den største samlinga av folkemusikk og tradisjonsdans i Nord-Europa.

Artikkelen stod på trykk i den siste utgåva av bladet Folkemusikk.