Tinn Spelemannslag fylde 100 år i fjor, og har dobla medlemstalet sitt det siste året. Godt over 30 ungar deltek i opplæringa i fele, dans og kveding i Tinn. Alle desse blir å høyre på konserten fredag kveld, i tillegg til gruppa STY (Per Anders Buen Garnås, Sigbjørn Rua og Unni Boksasp) og Tinn Spelemannslag.

I fleire tiår var Tinn Spelemannslag arrangør av det tradisjonelle Luraas-stemnet, som inneheldt kappleik og dansefest ei helg om våren. Spelemannslaget tek no opp att denne tradisjonen, og slår saman fylkeskappleiken og Luraasstemnet til ein stor kappleik. Alt skjer på Atrå Samfunnshus i Tinn den første helga i juni.
 

Program


Fredag 31.mai: 
Dørene opnar kl 18.00. 
Konsert kl 19.00.
Sal av kaffe og kaker

Laurdag 1. juni: 
Dørene opnar kl 11.00.
Kappleik frå kl 12.00. 
Dansefest om kvelden med premieutdeling. 
Sal av mat og drikke.

Sjå Tinn Spelemannslag si facebookside for meir info om påmelding, overnatting o.l.


Meld deg på!

Førehandspåmeldinga til kappleiken er open, og du kan melde deg på denne lenka: 
http://paamelding.folkemusikk.no 


Desse er dommarar for fylkeskappleiken:

Spel:
Gunleik Bondal
Øystein Romtveit
Anne Hytta

Kveding:
Ellen Nordstoga
Kari Lønnestad
Maria Høgetveit Berg

Dans:
Øystein Romtveit
Ellen Nordstoga
Maria Høgetveit Berg