Arrangørane, med omlag 400 dugnadsarbeidarar, står klare til å ta imot publikum og deltakarar. I løpet av dei neste dagane kjem det heile 1400 deltakarar og folkemusikkinteresserte frå heile landet til Bergstaden.  

Landskappleiken vert i år arrangert av Brekken spell- og danselag, Glåmos spellmannslag, Ålen spell- og danselag og Røros folkedanslag. Laga i dette distriktet arrangerte også Landskappleiken i 2005. Desse laga arrangerte òg Landsfestivalen i gammeldansmusikk i 1994 saman med Fjellhurven spellmannslag. No satsar dei erfarne arrangørane på ny med Landskapleiken, og i dag er det duka for opning i Verket på Røros. 
 

Program onsdag 


Kl. 17.00: Super-D (her finn du startlista
Kl. 20.00: Opningskonsert


Hald deg oppdatert! 
Folkemusikk.no og Landskappleiken.no vil bli oppdatert med resultat, bilete og informasjon gjennom alle dei fem kappleiksdagane. FolkOrg har òg utvikla ein eigen app for smart-telefonar som vert lansert i løpet av dagen. 

Har du ennå ikkje skaffa deg overnatting? 
Det er framleis høve til å skaffe seg overnatting på Røros både på festivalcampen, privat og nokre hotellrom. Sjå denne sida for meir informasjon, og kontaktinfo. 


Nyttige lenker

> Heimesidene til Landskappleiken

> Sjå komplett tevlingsprogram

> Kart over kappleiksområdet

> Sjå komplett startliste